torsdag, juni 18, 2009

Solveig er på sjukehus


Nå sit eg på eit fint sjukehusrom i Arequipa, med Solveig sovande i ei seng ved sida mi. Hu har vore sjuk over ei veka, med influensa. På laurdag kveld syntes Brith-Jorunn at hu vart så slapp og at hu ikkje var fin i fargen. Hu fekk med seg Randi og Veronika(som var på besøk) og dei reiste til stam-klinikken vår i Juliaca. Der ville dei legga hu inn, for hu hadde lågt O2-opptak. 48!

Brith-Jorunn var saman med hu om natta og hu fekk oksygen, inhalasjon og antibiotika. Me tenkte å prøva å få hu til Arequipa på søndag, men det var ikkje mulig. På mandag ettermiddag vart med fulgt til flypassen av ein sjukepleiar med oksygen-kolbe, og på flyet hadde me og fått ordna det slik at det var oksygen til hu.

Mona tok imot BJ og Solveig her i Arequipa og fekk dei på eit sjukehus her. Doktoren som har ansvar for hu her, er ein flink og erfaren mann. Hu får fortsatt oksygen og ein annan type antibiotika. I natt hadde hu feber, og dei sleit litt med å halda oppe oksygen-nivået i blodet hennas.

Me andre køyrde ned frå Juliaca i dag, og eg tok over etter BJ i ettermiddag. Dei kom med noko rød-graut til kvelds, men det ville ikkje Solveig smaka på eingang. Eg spurde om hu ville ha ris, og det ville hu. Så eg fekk bestilt ein porsjon med ris, og då åt hu litt.

Ellers har hu sett ein video av seg sjølv og andre kjente, og det var populært. Me hadde til og med litt latter og moro ei stund, så det ser eg som eit godt teikn.

Etter planen set me oss på flyet til Norge på laurdag, for å ha ferie i Norge nokre veker. Vil du vera med å be om at Solveig blir frisk, og at me kan reisa som planlagt?

Utsikt frå rommet til Solveig

8 kommentarer:

Anonym sa...

God bedring Solveig!
Hilsen tante og onkel i nabolandet

Anonym sa...

Hei fam Hovda!

Me hadde bibelgruppa her i går kveld. og bad for Solveig!!! Me vil fortsetta med det. Hb reiså går som planlagt. Men uansett: GUD E MED!!!

Janne på Trevland.

Inger Line sa...

Stakkars liten! Me ska be:)

Anonym sa...

heisann!
nå har jeg "smug-lest"bloggen deres en stund,og hadde bare lyst til å si at jeg tenker på dere og ber for dere=)håper solstråla snart blir frisk!!!
mvh Audi(fra Fogn)

Anonym sa...

I Mandal ber vi også og håper dere også kommer vel fram til Norge! Hilsen Karl Andreas, John Egil, Tor Egil og Marianne

MorMonsen sa...

Varme hilsener fra oss på Torvastad også:-) Berit og Vidar

Anonym sa...

Hei,vi ber også på Tysnes om at alt må skje etter Jesu gode vilje.Dåkke er teikna i hendene Hans,og Han berer gjennom alt. Jes 49,14-16 god Norgestur.Wenche og Dagfinn

Marit og Leif Thingbø sa...

Her i Tanzania er det også to som ber for godjentå. Hu er best altså...og litt vår! Ønsker dere alt godt adle sammen.... Marit