søndag, november 25, 2007

Busstur








Eg hadde ein festlig busstur på onsdag, då eg skulle heim frå Moho. Det hadde regna om natta, så veien var ganske sleip. I fleire bakkar spant bussen seg opp, og eg var ganske sikker på at me vart ståande når den begynte å spinna langt nede i bakken. Men me kom opp.



Når me hadde køyrt eit stykke, vart me stoppa av ei som ville vera med. Og hu ville ha med seg 20 sauer og. Jo, det måtte nå bli ei råd med det. Så dei vart lempa på taket, til det var fullt der. Så stappa dei resten inn i bagasjerommet. Me hadde og ein halvtimes mekkestopp. Bussen begynte å leka diesel, så det måtte dei finne ut av. Dei fiksa det, og så var me i gang igjen. Turen skulle normalt ta 3 timar, men me brukte 4. Eg batalte 12 kroner for turen, og det var det verd!



4 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Høres veldig spennende ut. Vi må nok en tur til Moho igjen for oppleve de "egentlige" Peru igjen. Vi er nå i Cusco, og det er veldig kjekt å være tilbake i Peru. Tar du meg med på busstur hvis jeg kommer?

Sverre sa...

Ja, det er eksotisk å reisa rundt på fjellet her. Du må bare koma til Juliaca å bli med meg på tur ein gang. Men det er ikkje så ofta eg pleier å reisa med buss. Men det kan vera gøy med Landcruiser og.

Anonym sa...

Eg sko betalt en 100 lapp får den busturen, her heima måtte jo sauene hatt bilbelte på seg.