mandag, november 05, 2007
Alle helgensdag
Her i Peru merker du godt når det nærmer seg 1.nov. Då får du nesten ikkje tak i vanlig brød, og du ser mange som sel pynt til å ha på gravene.
Mange folk her tenker at sjelene til dei døde kjem tilbake til jorda på denne tida, derfor legg dei ut mat og drikke på gravene. Dei lager nokre spesielle brød med dukkeansikt, som dei bruker til dette.
Ein kristen som eg kjenner, inviterte meg og andre kristne til å vera med dei på allehelgensdag. Svigermor hans døydde for eit par år sidan, og slekta kom reisande langveis frå til desse dagane. Dei vil gjerne vise den døde respekt. Slik eg har forstått det, tenker dei at den døde kan velsigna dei levande viss dei behandler sjela godt. Og så tenker dei og at dei levande kan hjelpa den døde til å nå fram til himmelen, ved å be for sjela.
Me var med ut til eit par graver som dei ville legga blomar på. Vår sone pastor ba ei bønn ute ved grava, ikkje for den døde, men for dei levande. Så sang me nokre sangar om håpet me har ved trua på Jesus. Eit håp som me kan ha ved ei grav og, når den døde hadde tatt imot Jesus.
Me hadde eit møte i gardsrommet til familien me var hos, og eg fekk sei noko om kva Bibelen seier om livet og døden, og at den einaste døde som kan hjelpa oss, er Han som døde for syndene våre, og som sto opp igjen og lever i dag.
Åp 1:18 Frykt ikke! Jeg er den første og den siste og den levende. Jeg var død, og se, jeg er levende i all evighet. Og jeg har nøklene til døden og dødsriket.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar