lørdag, september 22, 2007

Flyttelasset er i Juliaca






Torsdag morgon reiste me til Juliaca med flyttelasset til alle som skal bu i Juliaca. Det vart to store, og ein liten lastebil. Lasset var fullt av senger, stolar, bord, pultar, sofaer, syklar og andre ting me treng i husa og skulen i Juliaca.

David og eg var med frå vår familie. Det var mykje jobbing i tynn luft, men det gjekk godt. Me fekk alt i hus, og skrudde saman sengene, slik at det er klart til me reiser opp med heile gjengen.

Det var kjekt å vera i Juliaca igjen etter meir enn 6 år. Ganske likt som før, men litt forandring var det. Ringveien var blitt ein god vei, og i sentrum var det litt nytt. Fortsatt masse sykkeldrosjar(triciclo).

Huset vårt var veldig greit, med god plass og stor uteplass. Skulen var og flott. Stor tomt, og gode rom til skulebarna og Solveig.

Me var i Juliaca to dagar, reiste ned fredag kveld. Sist me budde i Peru, måtte me rekna ca 8 timar i kjøretid på turen. Nå var det ny, flott vei, og me køyrde på litt over 3,5 time. Det var ein flott tur, med både lama, alpaca og vicuña langs veien. Høgaste punkt er 4528 m.o.h.
Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Lykke til i Juliaca. Det var artig å se bilde. I hvilken gate bor dere?

Sverre sa...

Eg veit jammen ikkje adressa ennå. Men det er to kvartal frå Mariano Pandia, mot den parken ved turisthotellet. Skulen og dei andre som skal til Juliaca bur i Mariano Pandia.(Gata der Jens og Lisa budde. Skulen er nabotomta)

Anonym sa...

det er vel godt å endelig komme frem, håper dere får det greit i Juliaca. Såg spennende ut den turen, de dyra der ser ut som en skjelden dyre art som jeg trodde var utdød, nemelig kjempesauen, hmm. utrolig at det tok 8 timer før på den veien, å at det bare tok 3.5 timer nå