| Hipp Hurra for Peter som fyller 12 år! |
søndag, juni 05, 2011
Peter 12 år
Peter fyller 12 år, og nå er feiringa i full gang her i huset. Det har vore pizza og brus, så ein tur i parken med fyrverkeri, så forskjellige bær og is, og ein quiz der me fann ut at viss Peter hadde vore finsk ville han blitt kalla Pekka:)
Dei som vil gratulera han med dagen, kan klikka på kommentarer og skriva nokre gode ord der.
fredag, juni 03, 2011
Pakking
Nå er det ikkje lenge før me skal reisa frå Arequipa for å busetta oss på Nærbø. Me glede oss til å vera i nærheten av familie og venner i Norge, men grue oss til avskjed med venner og kollegaer her. Me har hatt nokre fine år i Peru, og det er vemodig å reisa frå både landet og folket som me har blitt glade i.
Dei siste vekene har iallefall blitt brukt til å pakka storbagasjen, som nå er klar for sending.
Ellers er eg, Sverre, glad for å ha overlevert kontoret til Andreas.
| Mika og Solveig er klar for sending |
| Brith-Jorunn har pakka mest, og glede seg til å pakka ut igjen |
Ellers er eg, Sverre, glad for å ha overlevert kontoret til Andreas.
fredag, mai 20, 2011
17.mai feiring
Me hadde ei flott 17.mai-feiring i Arequipa. Dagen begynte med frukost på skulen, der alle hadde med seg litt snadder, og til saman vart det masse snadder. Så var det ut å gå i tog, før skulen hadde eit variert og flott program for dagen. David hadde 17.mai talen, som var både historisk og personlig.
Etter skulen sitt program var det tid for leiker og is. Middagen var grillmat, før feiringa vart runda av med kaffi og kaker. Veldig bra dag, i strålande sol:)
Vil du sjå fleire bilder frå 17.mai i Arequipa, kan du sjekka Helge sin blogg, Skyttemyr sin blogg eller Bu sin blogg
Etter skulen sitt program var det tid for leiker og is. Middagen var grillmat, før feiringa vart runda av med kaffi og kaker. Veldig bra dag, i strålande sol:)
| Mika i finstasen |
| Ungdoms-skule elevane |
| Me går i tog |
| Damene i familien |
| Peter syng ut |
| Grillmat |
tirsdag, mai 10, 2011
Morsdag
I Peru er morsdagen ein dag som blir feira skikkelig. Eg fekk med meg tre morsdagsfeiringar i løpet av helga. Først hadde me fest for mødrene på kontoret, så i barnehagen til Mika, og til slutt var det fest i kyrkja vår på søndagen. Og hos oss fekk Brith-Jorunn velga kor me skulle gå å eta middag:)
I barnehagen til Mika, var det både sang, dikt og dansemoro på programmet, og til slutt var det mat.
I barnehagen til Mika, var det både sang, dikt og dansemoro på programmet, og til slutt var det mat.
![]() |
| Sang til mødrene |
![]() |
| Pakke til mamma frå Mika |
![]() |
| Mika i et av kostymene |
![]() | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Fint par |
![]() |
| Seint på kvelden kom desse og sang for Brith-jorunn |
mandag, mai 09, 2011
Verdensrekord til Silas
![]() |
| Her er målet i det fjerne |
![]() |
| Silas nyt eit eple og utsikten |
Det e kje ofte eg blogge….då ska det ver någe veldig spesielt,- og det e det nå!!!!!!!
Silas har nemlig i to-tre år hatt ein drøm, ein litt sprø drøm te å ver ni år, nemlig å bestiga vulkanen Misti på 5825 moh. Han har snakt om det si eg og Sverre va på Chachani (ca 6100) i des 2008.
Torsdag måren la me i vei samen med ettåringane Julie og Ditte og May Britt som e lerar på den norske skulen. Roberto va og med som personlig guide for Silas i tilfelle Silas sko gi opp. I gruppå va og fem franskmenn med, så me va elleve ialt pluss to guider.
Eg va ganske spent….begynte allerede å bli småkvalm og svimmel dagen i forveien. Men mest av alt redd for at lille Silasen min sko bli skuffa. Hadde nok rulla ganske ner sjøl og om eg ikkje hadde greid det.
Fysste dagen gjekk me 4,5 timer med 14-15 kg på ryggen,- Silas sin va adskillig lettare, men han bar sjokolade og ein del av si egå drikka. Det va bratt og tungt, men Silas va mildt sagt i storform. Han snakka i vei og la merke til all slag småkryp, fine steiner og mose. Han va og opptatt av forskjellige lyder og bæsjer og lurte på ka slags dyr dei hørte te. Svarå mine va som oftast: Ti stilt, me snakke når me komme fram te base-campen. Det tar på å snakka og gå i så tynn luft. Han snakka og om at han gleda seg te å stå opp midt på nattå for å gå vidare......ja, ja godt at någen tenke positivt når me andre strevde med depresssive tankar bare me lyfta blikket mot toppen.
Det va godt å ver framme, få opp teltå og innta ei god og varm grønnsakssuppa. Nydelig solnedgang og fantastisk å sjå Arequipa langt der nere når det begynte å bli mørkt. Klokkå halv sju låg me i soveposane....Silas, May Britt og eg låg tett men det va bare Silas som låg i midten som klarte å holla varmen og sova. Det føltes så langt heim den nattå......
Ok så va det på an igjen....kl halv to sto me opp.....og hutte meg tu så kaldt. Opp og opp og opp,- og så bratt at det va best å ikkje sjå seg tebage (då surra det ganske godt i toppen). Eg hørte ikkje Silas klaga ein gong, sjøl om eg kryssforhørte han hundre gonger...har du vondt i håve, e du kvalm, fryse du, e du trøtt. Rett før toppen spurte eg koss det va med an. Svaret kom kontant: Bedre enn på mange år:)
Me fekk brukt is-økser, pigger på sko, og å gå i tau pga av snø på toppen. Den siste kneika va ganske stri for oss begge, men å så godt å ver oppe......og for ein KONGE følelse å nyda DEN utsikten. Snørr, svette, slit, naglabet =iskalde fingertupper og sprukne og blodige lepper (sjå bilde:)........men verdt strevet???????????????????? JAAAAAAAAAAAAAAAA.
Eg tulle ikkje når eg seie Silas låg fram i teten heile turen,- og eg hadde problemer ei stonn med å holla følge. Roberto som sko bera Silas sin sekk, bar andre sine.....Silas sko bera sin sjøl. Ei stonn lurte an på om an sko hjelpa meg med min og.
Av elleve var me fem som va heilt oppe på toppen.......så du har all grunn te å ver stolt Silas. Din store drøm har gått i oppfyllelse.....og mamma unne deg denne seieren av heila sitt hjerta. Verdens første ni-åring te Misti (i følge guidane)
Halv fira om etter middagen va me nere med bilane...og gjett kem som va fysst itte guiden? Ja, heilt rektig!
Nå snakke han bare om neste topp han ska bestiga før an reise te Norge, men det må bli uten mamma. Trur an la ein plan med ein av guidane J
Me fekk og oppleva englevakt på turen då ein stein, ganske stor kom rullande ifull fart midt mellom gruppå....ein halv meter frå Silas. Takk Jesus, og takk for at du hjalp oss opp!!!!!!
![]() |
| Topp motivert |
![]() |
| May Britt, nasen til Julie i skyggen av Misti |
![]() |
| Det kosta blod og svette, men her er målet nådd |
![]() |
| Silas på høgaste punktet, med krateret i bakgrunnen |
lørdag, april 30, 2011
Avskjed med høgfjellet
| Quintin og Julia i Ticani ved Azangaro |
| Keynes, Emily og barnebarn til Quintin og Julia |
| Delia frå Azangaro |
| Avskjed i Moho |
| Venner frå Jasana Grande |
| America heiter denne solstråla |
| Pizza med gode venner frå Juliaca |
torsdag, april 21, 2011
Siste Norges-besøk
| Glade gutar på vei til Taquile |
| Ein del av gjengen |
| Mathias og Peter |
| Søndagens tekst i "skogen" i Juliaca |
| Utsikt over Juliaca ved Cristo Blanco |
| Leif Christian og Silas |
![]() |
| Gøy i bassenget på Miramar |
onsdag, april 20, 2011
Silas 9 år
Silas, tredje mann frå botn og topp, fyller 9 år i dag. Han er glad i å leita etter skattar og å utforska naturen. Litt rastlaus og liker når det skjer noko, helst noko med fart og spenning. Ein god gut som me er glad i. Vil du gratulera han med dagen, kan du legga igjen ein kommentar!
fredag, april 08, 2011
Konferanse i Bolivia
![]() |
| På laaang busstur |
Det går lenge mellom blogg-innlegga for tida, skal prøva å skjerpa meg! Sidan sist har me vore i Bolivia på konferanse. Det er ei heile reis, først 10-12 timar i buss, så ein kort flytur. Når me skulle bort starta me kl 6, og var framme kl 22. Men det gjekk egentlig veldig bra.
På konferansen hadde me egne Peru- og Bolivia-konferansar, og ein del der me var saman. Me hadde og besøk av kyrkjelederar frå både Bolivia og Peru. Veldig kjekke dagar på eit fint hotell. Skuleungane hadde flott opplegg, og dei små hadde nokon som tok seg av dei.
Me vart igjen nokre dagar etter konferansen, for eg var inviterte til generalforsamling i den bolivianske kyrkja. Då fekk me testa gjestfriheten til familien Bergane, og den var upåklagelig.
Nå er det litt kvardag igjen, men snart får me besøk frå Norge. Følg med!
![]() |
| Mebudde i desse husa |
![]() |
| Forsøk på idyllisk familiebilde |
søndag, mars 06, 2011
Ut i naturen
| Litt snadder gjer susen |
| Skorpion |
| Grønt og fint |
tirsdag, mars 01, 2011
Fotoblogg
Eg har vore på ein heilt utrulig fotosafari i Patagonia. For å lesa meir om den og sjå bilder derfrå har eg laga ein egen fotoblogg. For dei som er interesserte i fuglar, dyr og fin natur vil eg anbefala ein tur til Sverres Fotoblogg
torsdag, februar 17, 2011
Santiago
onsdag, februar 16, 2011
Ut på tur
Viss nokon lurer på kor eg er dei neste 10 dagane, kan dei sjekka desse linkane. Glede meg bittelitt kjenne eg:)
http://www.patagoniaphotosafaris.com/
http://www.patagoniainteractiva.com/
Satse på at det blir eit par blogginnlegg etter den turen!
http://www.patagoniaphotosafaris.com/
http://www.patagoniainteractiva.com/
Satse på at det blir eit par blogginnlegg etter den turen!
torsdag, februar 10, 2011
Sykkeltur
Har ikkje vore den store aktiviteten på bloggen i det siste, men det skjer nå litt heile tida. I dag tenkte eg å koma med litt gamalt nytt. Når me hadde besøk i januar, var me nokre tøffe karar som fann ut me skulle ta ein vill sykkeltur. Med mine erfaringar frå sykling, var eg grunnleggande skeptisk, men eg vart med. Me sykla frå 4800 og heilt ned til ca 2500 på kort tid. Lynet frå Randaberg slo seg heilt laus, og Sunnmørs-ekspressen låg hakk i hel. Eg kom meg heilskinna ned, og var meir enn fornøgd med det.
Utanom dette, har det vore ein del reisning på fleire i familien i det siste, og reisemålet har vore Bolivia for alle. David var på skuletur, Peter fekk vera med fam Dobbe på konferanse i La Paz(sjå bloggen deira), og han far sjølv fekk seg ei lita veka i Cochabamba og La Paz ispedd nokre spredte styremøter.
Utanom dette, har det vore ein del reisning på fleire i familien i det siste, og reisemålet har vore Bolivia for alle. David var på skuletur, Peter fekk vera med fam Dobbe på konferanse i La Paz(sjå bloggen deira), og han far sjølv fekk seg ei lita veka i Cochabamba og La Paz ispedd nokre spredte styremøter.
torsdag, januar 13, 2011
Fra hav til hei
Nå reiser snart besøket vårt heim. Me har hatt eit par flotte veker saman med Anna, Jan Erik, Leon og Adam.
I Arequipa har nokre av aktivitetene vore go-cart, rafting, og downhill-sykling. Så hadde me nokre herlige, avslappande dagar ved Stillehavet, før me tok ein snartur til Juliaca og Puno.
Innimellom har det blitt tid til å sjå litt av Arequipa.
![]() | ||
| Huset vårt i Juliaca har blitt eldresenter |
![]() |
| Anna og Adam på Titicacasjøen |
![]() |
| Jan Erik nyt livet ved sivøyene |
![]() |
| Nå e det nok! Mika og Adam vasker bord med skitvatn.. |
![]() |
| Leik på ferieplassen |
![]() |
| Grilling av marshmellows |
![]() |
| Fam Aanestad på strandtur |
![]() |
| Leon |
Abonner på:
Innlegg (Atom)


























