fredag, april 08, 2011

Konferanse i Bolivia

På laaang busstur
Det går lenge mellom blogg-innlegga for tida, skal prøva å skjerpa meg! Sidan sist har me vore i Bolivia på konferanse. Det er ei heile reis, først 10-12 timar i buss, så ein kort flytur. Når me skulle bort starta me kl 6, og var framme kl 22. Men det gjekk egentlig veldig bra.
På konferansen hadde me egne Peru- og Bolivia-konferansar, og ein del der me var saman. Me hadde og besøk av kyrkjelederar frå både Bolivia og Peru. Veldig kjekke dagar på eit fint hotell. Skuleungane hadde flott opplegg, og dei små hadde nokon som tok seg av dei.
Me vart igjen nokre dagar etter konferansen, for eg var inviterte til generalforsamling i den bolivianske kyrkja. Då fekk me testa gjestfriheten til familien Bergane, og den var upåklagelig.
Nå er det litt kvardag igjen, men snart får me besøk frå Norge. Følg med!


Mebudde i desse husa
Forsøk på idyllisk familiebilde

Ingen kommentarer: