Her er målet i det fjerne |
Silas nyt eit eple og utsikten |
Det e kje ofte eg blogge….då ska det ver någe veldig spesielt,- og det e det nå!!!!!!!
Silas har nemlig i to-tre år hatt ein drøm, ein litt sprø drøm te å ver ni år, nemlig å bestiga vulkanen Misti på 5825 moh. Han har snakt om det si eg og Sverre va på Chachani (ca 6100) i des 2008.
Torsdag måren la me i vei samen med ettåringane Julie og Ditte og May Britt som e lerar på den norske skulen. Roberto va og med som personlig guide for Silas i tilfelle Silas sko gi opp. I gruppå va og fem franskmenn med, så me va elleve ialt pluss to guider.
Eg va ganske spent….begynte allerede å bli småkvalm og svimmel dagen i forveien. Men mest av alt redd for at lille Silasen min sko bli skuffa. Hadde nok rulla ganske ner sjøl og om eg ikkje hadde greid det.
Fysste dagen gjekk me 4,5 timer med 14-15 kg på ryggen,- Silas sin va adskillig lettare, men han bar sjokolade og ein del av si egå drikka. Det va bratt og tungt, men Silas va mildt sagt i storform. Han snakka i vei og la merke til all slag småkryp, fine steiner og mose. Han va og opptatt av forskjellige lyder og bæsjer og lurte på ka slags dyr dei hørte te. Svarå mine va som oftast: Ti stilt, me snakke når me komme fram te base-campen. Det tar på å snakka og gå i så tynn luft. Han snakka og om at han gleda seg te å stå opp midt på nattå for å gå vidare......ja, ja godt at någen tenke positivt når me andre strevde med depresssive tankar bare me lyfta blikket mot toppen.
Det va godt å ver framme, få opp teltå og innta ei god og varm grønnsakssuppa. Nydelig solnedgang og fantastisk å sjå Arequipa langt der nere når det begynte å bli mørkt. Klokkå halv sju låg me i soveposane....Silas, May Britt og eg låg tett men det va bare Silas som låg i midten som klarte å holla varmen og sova. Det føltes så langt heim den nattå......
Ok så va det på an igjen....kl halv to sto me opp.....og hutte meg tu så kaldt. Opp og opp og opp,- og så bratt at det va best å ikkje sjå seg tebage (då surra det ganske godt i toppen). Eg hørte ikkje Silas klaga ein gong, sjøl om eg kryssforhørte han hundre gonger...har du vondt i håve, e du kvalm, fryse du, e du trøtt. Rett før toppen spurte eg koss det va med an. Svaret kom kontant: Bedre enn på mange år:)
Me fekk brukt is-økser, pigger på sko, og å gå i tau pga av snø på toppen. Den siste kneika va ganske stri for oss begge, men å så godt å ver oppe......og for ein KONGE følelse å nyda DEN utsikten. Snørr, svette, slit, naglabet =iskalde fingertupper og sprukne og blodige lepper (sjå bilde:)........men verdt strevet???????????????????? JAAAAAAAAAAAAAAAA.
Eg tulle ikkje når eg seie Silas låg fram i teten heile turen,- og eg hadde problemer ei stonn med å holla følge. Roberto som sko bera Silas sin sekk, bar andre sine.....Silas sko bera sin sjøl. Ei stonn lurte an på om an sko hjelpa meg med min og.
Av elleve var me fem som va heilt oppe på toppen.......så du har all grunn te å ver stolt Silas. Din store drøm har gått i oppfyllelse.....og mamma unne deg denne seieren av heila sitt hjerta. Verdens første ni-åring te Misti (i følge guidane)
Halv fira om etter middagen va me nere med bilane...og gjett kem som va fysst itte guiden? Ja, heilt rektig!
Nå snakke han bare om neste topp han ska bestiga før an reise te Norge, men det må bli uten mamma. Trur an la ein plan med ein av guidane J
Me fekk og oppleva englevakt på turen då ein stein, ganske stor kom rullande ifull fart midt mellom gruppå....ein halv meter frå Silas. Takk Jesus, og takk for at du hjalp oss opp!!!!!!
Topp motivert |
May Britt, nasen til Julie i skyggen av Misti |
Det kosta blod og svette, men her er målet nådd |
Silas på høgaste punktet, med krateret i bakgrunnen |
7 kommentarer:
Du er dagens helt!
Silas du er god til å gå på og klatre på høge fjell
WOW! Eg er kjempe-imponerte!! For et pågangsmot og for ein liten helt!! :) Dokke får søke det inn i Guiness rekordbok! :)
Hilsa gjengen!:)
Kjære Silas.
Me er så imponerte! Det var litt av ein bragd. Heia og gratulerer til både mamma og deg !
Helsing besten og bestå.
Gratulerer! Imponerande! Eg er tilbøyeleg til å vera imponert over mora også.
Kære Silas og Brith Jorunn.
Det er bare flot klaret.
Silas vi glæder os over, at du nåede toppen sammen med din mor.
Kærlig hilsen
Flemming og Olga
Howdy! This article couldn't be written much better! Going through this post reminds me of my previous roommate! He continually kept talking about this. I am going to forward this post to him. Pretty sure he'll have a great read.
Many thanks for sharing!
Look at my site ... mackeeper block
Legg inn en kommentar