lørdag, oktober 23, 2010

Haustferie

Denne veka har me vore på leir ved Stillehavet. Arild Herigstad, som har vore bygge-ansavrlig for den nye leirplassen til kyrkja, laga program og inviterte dei som hadde anledning til å reisa eit par dagar til kysten.

Me låg i hytter, delte på å laga mat og vaska opp, og fant på mykje kjekt. Me var på stranda, ungane bada, leika i sanden og leika med dragar. Me var og ein ettermiddag på fereieplassen, der dei som såg syn på det, kunne ta seg eit bad i bassenget.

Det er ikkje sommar ennå, men me var heldige med været, og det var varmt og fint. Den eine dagen når me var på stranda, såg me ei sjøløva som leika seg i bølgene.




1 kommentar:

Anonym sa...

Åh det såg veldig deilig ut. Skulle gjerne vore med på tur. Me savne dåkke. Klem frå tante Elin og guttane i Bergen