søndag, juni 20, 2010

Flytting og avskjed

Andrea og Silas er klare til å køyra flyttelasset
Bilen vart full
Mika venter på barnehage-skyssen
Siste kveld i Arequipa for Markus og Andrea
Overnattingsbesøk siste kveld i Arequipa for Sander og John Henrik
Avskjedens time har kome
Då reiser Amalie og Sander


Då har det blitt ei stund utan nyheter på bloggen. Me har flytta frå Juliaca til Arequipa, det har vore litt lite tilgang på internett, og det har vore mykje nytt å tenka på i ny jobb.

Flyttinga gjekk greit, og me budde eit par veker i eit anna hus før me kom på plass der me skal bu dette året. Nå er det meste kome på plass i skuffer og skap, og det er godt.

Me har hatt avskjedsfest med dei som skulle reisa til Norge, og me har vore på flott skuleavslutning.

Mika har begynt i barnehage, og ser ut til å trivast der. Solveig kjem og til å vera i barnehage ein del i sommar.

I går reiste mange av vennene våre frå oss. Det var trist å skiljast frå dei me har hatt så mykje fint og kjekt saman med. Takk for mange gode minner, så satser me på å treffast i gamlelandet når den tid kjem.

Ingen kommentarer: