lørdag, mai 01, 2010

Silas 8 år


Her kjem ei litt forseinka bursdags-oppdatering. Silas vart 8 år den 20. april. Då sat eg på buss på vei frå Fredrikstad til Barcelona. Meir om det i eit anna blogg-innlegg. Ein av tinga som han ønska seg, var laser-sverd. Det hadde eg med frå Norge. Han vart feira saman med John-Henrik og Ovidie(Eggebø). Eg skulle etter planen koma heim på bursdagen hans, men slik vart det ikkje. Då var det kjekt at fam Eggebø var på besøk frå Cochabamba. Les om feiringa hans på Mulelid sin blogg.
Og på Ovidie sin bloggVil du gratulera han på etterskudd, trykk på "kommentarer" og skriv.

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei Silas! Gratulerer med 8 årsdagen din! Du er ein flott gutt! Kjekt for oss å sjå bilder frå livet i Peru!