torsdag, mars 25, 2010

Konferanse og besøk









Nå har me fått besøk frå Norge. Elin og Endre og dei to gutane deira har kome på besøk til oss. Gunnar og Mika koser seg, leiker og krangler litt. Magnus hadde me ikkje truffe før, så han blir kosa med av store og små.
Dei første dagane dei var her, måtte dei klara seg litt sjølv, for me var på konferanse. Konferansen begynte med eit døgn på hotell, med kjekt opplegg for heile familien. Rett i nærheten er dei gammal mølla, og attmed den var det mulighet for å ri og køyra firhjulingar. Det slo godt an.
Før me reiste til Juliaca, fekk me med oss vinter-OL på DNS. Det var eit storarta arrangement, med mange store prestasjonar. Sjå meir om det på fam Mulelid sin blogg
Nå er me heima i Juliaca igjen, og farter litt rundt på fjellet. I dag var Endre og eg på besøk i 3 kyrkjer, me får sjå om det kjem nokre bilder frå den turen etter kvart.

3 kommentarer:

dag petter sa...

e d Silas så kjøre atv, va jo litt store den der, men kanske ikkje motoren va så stor.

Anna sa...

Såå herlig bilde av BJ og fam. Hageberg :o)
Atv såg kjekt ut!!

Unknown sa...

Kjekt! ;-)