onsdag, desember 02, 2009

Dramatisk tur til Bolivia

Sist veka var eg i Bolivia for å vera med på avslutninga til SETELA(3-årig teologisk seminar) Då eg kom til La Paz, skulle eg ta ein taxi ned til sentrum for å finna eit hotell. Ein av dei som var med meg i bilen frå grensa, skulle og ned til byen, så han sette seg inn i same taxien. Så kom det ei dama og sette seg inn, så eg tenkte at det var ein fellestaxi.

På vei ned mot byen vart me stoppa av ein mann, som sette seg inn framme, han presenterte seg som turist-politi og viste eit ID-kort. Det var kontroll, sa han, for det kom inn mykje narkotika og falske penger over grensa. Han sjekka først han andre som var med, såg i sekken hans, lukta på ting og penger. Så var det min tur, han sjekka sekken grundig. Etter han var ferdig med bagasjen, spurde han etter kortet til han andre som var i bilen. Han ringte til ein sentral som skulle sjekka at kortet ikkje var falskt. Han ba om koden, og fekk den. Så var det mitt kort. Eg sa at eg ville ikkje gi vekk koden min. Det var heilt nødvendig for å sjekka at det ikkje var falskt, sa politien. Nei, den ville eg ikkje gi frå meg. Dei andre som sat på sa: bare gi han den. Brith-Jorunn har sagt at dette får eg ikkje sei høgt, men viss du kan holda på ein hemmelighet, eg ga han koden til kortet mitt.

Etter det sa han at han ville sjekka kofferten min, og sjåføren tok den ut. Eg tok med sekken min og gjekk ut på fortauet. Og då eg hadde kome meg vel ut av taxien, forsvant den plutselig i ein veldig fart. Då kom eg til å tenka på at eg kanskje var blitt lurt, og når eg sjekka lommeboka og sekken min, var eg blitt lurt for det meste eg hadde med meg. Kontanter, kort, kamera og MP3-spelar var som sunke i jorda.

Eg sto igjen som ein tulling, og gjekk nedover og kjefta på meg sjølv, ”kvifor ga eg frå meg koden??”

Eg stoppa ein taxi, og fortalte han situasjonen, og han køyrde meg gratis ned til det ekte turist-politiet.

Eg fekk ringt å sperra kortet mitt, men så var det korleis eg skulle finna ein plass å bu utan penger og kort. Eg var på nettet og fann eit tlf. nr til Fam Vik, som eg kjenner frå sist periode i Peru. Heldigvis var dei heima, og eg fekk både kvelds og seng hos dei. Tusen takk!

Neste dag reiste eg til Sucre, og fekk bu hos familien Eggebø. Me var ute og åt på ein flott plass med utsikt utover byen, og etterpå var me oppe ved ei svart Kristus-statue. Der ofrer folk mykje forskjellig.

Eg var sensor for ein av studentane på ei oppgave han hadde skrive om menneskeverd.

På laurdag var det avslutnings-seremoni for SETELA. Studentane hadde på seg kapper og hattar, og fekk utdelt vitnemål og ei bok med alle oppgavene dei hadde skrive. Les meir om dette her.

Etterpå var det festmiddag og mange forskjellige helsingar og innslag. Forsto på sudentane at dei var veldig takknemlige til kyrkjene sine og til misjonen for at dei hadde fått muligheten til å studera og forbereda seg til teneste.

Når me avslutta festmiddagen utpå kvelden, vart det forslått at me måtte ha ein fotballkamp etterpå. Så då vart det natt-fotball til ca kl 01.

Ein utrulig fin gjeng dei som har gått på SETELA. Ver med å be om at dei kan få vera vitner for Jesus når dei kjem tilbake til sine heimplasser i Peru, Bolivia og Ecuador.

Av ein eller annan grunn har eg ingen bilder å illustrera dette innlegget med.


4 kommentarer:

Åshild sa...

Skal si de var utspekulerte, jeg hadde nok også gått 5 på. Men utrolig ergerlig å miste alt sånt. Trivelig å stikke innom bloggen deres! Adventshilsen fra Mongolia

Bakkesblogg sa...

Ja, nå får vi se om den forsikringen vår er noe å stole på!! Jeg kunne forresten tenkt meg å sett på når du gikk der og var sint på deg selv. For meg fremstor du som ekstremt rolig kar i de fleste situasjoner, så det kunne vært litt spennende å se en sint Sverre som sparka litt i grusen!! Ellers håper jeg at alt ordner seg raksest mulig!

Elisabeth sa...

Off, det hørtes ikkje kjekt ut! Forstår godt frustrasjonen!! Hadde heilt sikkert blitt rundlurt sjøl. Ikkje sikkert dei hadde våre så vennlige om du hadde nekta blankt heller, så du får tru det va te det besta ;)
Håbe dåkke har ei fine adventstid i Juliaca :)

Anonym sa...

Dette er vel blant de mest vanlige måtene man lurer turister på. Men rart med det, når man plutselig er i situasjonen er det ikke så enkelt som det står i Lonely Planet-bøkene...