mandag, mai 25, 2009

Evangeliseringstur



Torsdag morgon reiste me ein gjeng frå Juliaca for å ha ein evangeliseringskampanje i ei bygd utforbi Azangaro.

Me kom fram til Ticani, og der venta Quintin og Julia på oss. Dei er eit par som kjem i kyrkja vår i Azangaro. Ei nydelig bygd, med fine åsar, nokre tre og ein saltsjø rett nedforbi husa deira.

Me fekk quinua-graut med melk og ost, og ein porsjon som eg verkeleg måtte kjempa for å klara å eta opp. Me gjekk ein tur ned til saltsjøen, og såg koss dei vann ut salt og lagra det i haugar dekka med jord.

Så var det tid for å invitera folk til møte. Tre grupper gjekk frå hus til hus og inviterte folk til møte og delte ut traktater.

Møtet skulle begynna 18.30. Når det nærma seg kom det ein heil del folk, og til slutt var det over 20 personar. Me sang nokre sangar, så hadde Mauro ein tale, der han snakka om den smale og den breie vei. Han spurte om det var nokon som ikkje hadde vore på eit evangelisk møte før, og 4 rakte opp hånda. Mot slutten av talen spurte han om det var nokon som ønska å ta imot Jesus, og då kom det fram to damer og ein ung gut. Det var fantastisk å sjå. Me ba for dei, og andre som ba om forbønn.

Me slutta av kvelden med å visa ein film som understreka at det viktigaste i livet er å ta imot Jesus.


s.



5 kommentarer:

Andreas Bakke sa...

Nå fikk jeg frysninger nedover hele ryggen! Fantastisk å lese! Etter en litt dårlig start er dagen nå reddet!!

Mona og Geirmund Monsen sa...

Flott!!

Anonym sa...

FLOTT SVERRE!!!
Sånn skal det være.
Nina, nettopp hjemme fra tur til Arequipa.

Anonym sa...

Jeg ble dårlig av å lese.. Trodde ikke at noen misjonerte på denne måten lengre?

"Me slutta av kvelden med å visa ein film som understreka at det viktigaste i livet er å ta imot Jesus."

Tuller du?

Å misjonere på denne måten er så galt -tvinge folk til å tro på deres religion ved å gi dem dårlig samvittighet og fortelle at de synder om de ikke gjør det!? *grøss* At man ikke har lært av historien, kolonisering og Afrika?

Gi folk et valg, ikke oppsøk folk som bor langt utenfor allfarvei for å "tvinge dem kristne", de har allerede sine egne religioner og sin egen tro. La folk være i fred!

-Marianne-

Sverre sa...

Tydelig at dette innlegget skaper følelsar, både på den eine og andre måten!
Interessant å sjå at det ikkje bare er misjonsfolk som er innom bloggen.
Marianne, her misjonerer me med stor frimodighet! Men ingen blir på nokon som helst måte tvinga til å ta imot.
Bibelen seier at det er bare i Jesus det er frelse, at Han er den einaste veien til himmelen. Sidan eg trur at det er sant, så er det viktig for meg å fortella folk dette. Då har dei eit reelt valg. Og eg gleder meg når nokon velger å ta imot Jesus. Og dei som har møtt Jesus, takker oss for at me ga dei evangeliet. Så eg har ikkje så veldig dårlig samvittighet for det.