onsdag, mars 11, 2009

Problemer med myndighetene


Her i Juliaca har me eit prosjekt, som er bygging av ein grunnskule i eit fattig område av byen. Avtalen med staten er at me bygger skulen(med hjelp frå Norad) og at dei betaler lærarlønner til lærerar som skulen ansetter.

I dag var eg på eit møte på skulen, der foreldra var samla. Ledelsen på skulen ville informera dei om at utdanningskontoret ikkje vil betala for lærarlønner viss ikkje dei får bestemma kven som skal vera lærerar.

Nå har skulen begynt, med dei lærerane som skulen har valgt ut, men uten godkjenning frå utdanningskontoret får dei ikkje lønn.

Fleire foreldre tok ordet på møtet og sa at me vil kjempa for at myndighetene skal respektera den avtalen som me har. Me vil ha kristne lærerar!

Utdanningskontoret kom og på møtet med fleire folk, og ein advokat, og prøvde å få foreldra med seg, men det lykkast ikkje.

Ver med å be om at denne saken må løysa seg, det virker ganske fastlåst.



Ingen kommentarer: