mandag, februar 04, 2008

Heile bygda på møte




På fredag var eg tidlig oppe. Klokka fem ringte mobilen første gang. Ti over var eg klar til å stå opp. Eg skulle til ei bygd i Moho sone heilt inne ved Bolivia-grensa, som heiter Llaulli. Me var full bil innover, to norske diakonistudentar som har praksis her, ein ung mann som går i Staffelsgate, som og har praksis her, og ei ung dame som er på besøk hos lærerane våre. Me køyrde først 5-6 mil på asfalt, så var det mykje dårlig vei etter det. Eg køyrde litt forsiktig, for me hadde me oss ei svær harpa som eg frakta for sonepastoren i Moho.

I Moho lessa me av harpa og litt bagasje, og tok med oss sonepastor Gregorio. Så var det å køyra ein time til på ennå dårligare vei. Det rista godt, og det var til tider store sorpehol i veien. Men me kom fram, og møtet skulle vera ute på bakken utforbi huset til ein av lederane i bygda. Når me kom var det ikkje så mange folk, men det seig på etter kvart. Dei heldt på å koka suppa når me kom, i nokre svære gryter. Det er ikkje så mykje tre der, så dei fyrte med tørka kuskit.

Etter kvart begynte møtet, og me sang ein del. Eg tala, og Gregorio tolka til aymara. Mange av dei som var der, går ikkje i kyrkja. Det var kjekt å tala til så mange som me aldri når med dei vanlige møtene våre. Eg prøvte å peika på Jesus som den einaste som kan frelsa oss og gi oss evig liv.

Etter møtet var det mat. Me fekk chuño og god suppa. Det vart og servert brus. Det var nok av brus, men bare tre glas. Dei vart sendt videre etter bruk.

Når me hadde ete, fann me ut at me ville ta ein rask tur til utlandet. Denne bygda ligg som ei halvøy inn i Bolivia. Den har Bolivia-grensa på tre kantar. Me køyrde nokre meter over grensa og gjekk opp til ein grensestolpe før me hompa tilbake til Moho.

1 kommentar:

Anonym sa...

HEI SILAS. HAR DU D BRA?
HILSEN ANDREAS HARESTAD.