lørdag, desember 09, 2006

Barnedåp


Posted by Picasa


Søndag 3.desesmber hadde me barnedåp for Mika. Det var ein fin dag, sjølv om det var surt ute. Me hadde dåpen på bedehuset, og der var mange engasjert. David og Peter song saman med Miriam og Filip. Silas var med bestå og henta vatn til dåpen. Nydelig pynt gjorde og sitt til at me følte dette var ein festdag.

Me hadde selskapet heima, der var dei to fadderfamiliane og besteforeldre på plass. Gode venner var med å serverte, pynta, lagte blomsteroppsatsar, kaker og dessert. Så det gjekk nesten av seg sjølv.

Me hadde god mat, og god drøs. Ungane leika og kosa seg, og me hadde nokre leiker der alle var saman.

På måndag hadde me resteselskap for å få hjelp til å eta opp alt det gode me hadde. Me klarte det ikkje då heller.

Ingen kommentarer: