lørdag, august 28, 2010

I Arequipa

Huset vårt(det gule med bil utforbi)

Når eg tenker meg om, så trur eg ikkje eg har fortalt så mykje om livet i Arequipa. Me flytta ned hit i slutten av mai, og eg begynte som stedlig representant her i juni. Det er ein kontorjobb, med personalansvar for misjonærane her og å vera misjonen sin representant i Peru. Spennande og mykje nytt å setja seg inn i.
Arequipa er ein fin by, omkransa av høge, flotte fjell. Det bur ca 1 million menneske her, og det er Peru sin ant største by. Både misjonen og kyrja vår har kontora sine her.
Me har begynt å gå i ei kyrkja som heiter San Martin, og der jobber BJ i ein barnehage som dei har i kyrkja sine lokaler.
Me bur i nærheten av ein park, og i nærheten av dei fleste misjonærane som bur her. I år er det 9 elevar på skulen, og det ser ut som dei har det kjekt saman.
Dette året er me 19 voksne og 16 barn, og alle bur i Arequipa.

søndag, august 22, 2010

Ut på tur

Eit vanlig syn på veiene i utkantstrøk i Peru

Raul, sonepastor i Moho saman med ein boliviansk pastor
Boliviansk musikkgruppe
Kyrkja i Llauli
Partering av nyslakta sau til middagen
Middag saman med lederar i Crucero sone
Nytt tak klart på Martin Lutero i Juliaca

Det har blitt litt lite blogging i seinare tid, eg skal prøva å oppdatera litt oftare. Men det skjer ikkje så mykje i kontorjobben min, i forhold til når eg farta rundt oppe på høgfjellet.

Men for eit par helger sidan fekk Andreas og eg oss ein tur til fjells. Me fekk vera både i Juliaca, Crucero og Moho på ei helg, så det var flott.

Me fekk snakka med lederar, og me fekk vera med på ein internasjonal fellesgudsteneste i Moho sone. Då var me ved ei kyrkja i ei bygd som ligg som ei halvøy inn i Bolivia. Der var det folk frå forskjellige kyrkjer i Moho sone, og ein god del frå ei luthersk kyrkja i Bolivia.


Det var ei innholdsrik og kjekk helg på høgfjellet.

torsdag, juli 29, 2010

Rafting og oksekamp

Siden sist har me prøvt å finna på litt forskjellig som kan vera kjekt for ungane, sidan dei har ferie og det ikkje er mange andre ungar her. Heldigvis hadde me besøk av store deler av familien Eggebø frå Cochabamba ei god veka. Det var kjekt. Då var me ute på mykje forskjellig. Me var på gocart, riding, firhjuling, spela mingolf og ein del av oss var og på rafting. Det var litt kaldt, men veldig spennande og kjekt. Ellers var det ein god del leik i parken.
Denne veka kom ein ny familie til Arequipa, det er familien Bu frå Bergen. Tom Georg og dei to eldste barna var med oss på oksekamp i dag. Det er brytekamp for oksar, typisk underholdning her.





fredag, juli 16, 2010

Meir feriebilder

Det var så fint der me var på ferie sist veka, så me legg ut litt fleire bilder av oss sjølv. Vil du studera dei skikkelig, kan du klikka på dei for å få dei større.





torsdag, juli 08, 2010

Ferie

Utsikten frå rommet vårt
Full aktivitet i bassenget
Fin strand, og varmt i vatnet
Krokodillar
Mika var litt skeptisk til å kosa med denne
Morsomme "oppblåsbare" fuglar
Ceviche slår an hos store og små, "heilt rått" godt

Nå er me på ferie i nord-Peru, ikkje langt frå grensa til Ecuador. Her er det varmt og godt, og me koser oss med bading og turar. Me bur på eit hotel ved stranda, flott utsikt og nydelig solnedgang. På mandag var me på ein båttur, då besøkte me eit krokodilleoppdrett, med krokodillar i alle størrelsar. Me fekk halda ein liten krokodille. Me besøkte og ei fugleøy, der blåste hannane seg voldsomt opp for å gjera inntrykk på huene, det var stilig. Me køyrde inn i kanalar med ein spesiell type skog, som dei kalla "manglares". Etter turen hadde me ein god middag med sjøkreps, og litt ceviche(rå fisk som har lege i limon). Snadder.

torsdag, juli 01, 2010

Santiago og hestar

Nå har me budd ca ein månad i Arequipa, og kome oss godt i orden. Brith-Jorunn og David fekk ein tur til Santiago i Chile for å fornya passet til David, det var visst ein fin by, og dei kosa seg med å sjå seg rundt og gå på kafe.


Ein av dei David og Brith-Jorunn vart kjent med i Santiago.

Nå er det sommarferie, og ikkje så mange å finna på noko saman med. Dei 3 eldste har snakka mykje om at dei har lyst til å gå på rideskule, og i går køyrde me ut til den. Dei syntes det var stas å ri. Litt stor hest for Silas, spørs om me må vurdera å kjøpa ein hjelm.



tirsdag, juni 29, 2010

Fototur 2

Fin ettermiddag i Matarani. David og Peter syntes og det var stas å vera med på tur. Mange fine fuglar, til og med pingvinar! Vil du sjå bilda større, kan du klikka på dei. Og har du lyst å sjå enda fleire bilder frå turen vår, kan du sjekka Andreas sin blogg.


Pingvinar
Skarv

Peter og David på kanten(dette bildet egner seg ikkje for Brith-Jorunn og bestemødre:)

Fototur 1

Sist veka var Andreas og eg på fototur til Matarani. Der er det nokre fuglefjell med masse forskjellige fuglar. Her kan du sjå nokre av bildene eg tok.