onsdag, februar 18, 2009

Interessant om misjon i Sør-Amerika

Me ser Cristo Blanco frå huset der me bur

Her i Peru er det kors og Jesus-statuer mange plasser, og ein del spør seg sikkert om det er behov for misjon der det ser ut som både Jesus og Bibelen er kjent. Me opplever at folk ikkje kjenner den Bibelske Jesus, og at det er stort behov for å undervisa kva Bibelen lærer.
Marit Andersen som er misjonær i Bolivia har skrive ein interessant artikkel om behovet for misjon i Sør-Amerika. Les den her

tirsdag, februar 17, 2009

Silas sykler



Silas lærte omtrent å sykla før me reiste frå Norge, men han har ikkje praktisert det, og ikkje hatt tid eller giddå te å øva. Men i siste timen på skulen i dag, kom 1. og 2. klasse bort til oss på sykkeltime, og då fekk Silas blod på tann.
Så nå er han i gang med sykling, ikkje så lite kry.
Ellers er Brith-Jorunn ein tur i Lima for å fornya passa til dei tre minste. Og ikkje nok med det, men me har fått ny hønegarde, med nye høner.


søndag, februar 08, 2009

Avskjed og tur


Me har hatt besøk av besten og bestå sidan november. På onsdag reiste dei videre. Brith-Jorunn var med dei til Arequipa, der dei tok fly til Lima, og videre til Guayaquil i Ecuador der dei besøker Inger Lise og Knut Harald m/fam.
Det har vore så kjekt å hatt dei her, heldigvis ikkje så lenge til me treffest igjen. Takk for besøket!


I dag har me vore på tur opp i åsane her, Brith-Jorunn hadde laga pannekakerøra, og Olav stilte med stormkjøkken. Det var kos.

Må bare ta med eit bilde frå tysdag, Solveig sin skikkelige bursdag. Hu fekk dokkevogn av besten og bestå, og den likte Mika og, så då vart det ein liten diskusjon om den.

fredag, januar 30, 2009

Riding









Dette året begynte med at me hadde ein tur til nokre venner på landsbygda utforbi Juliaca. kosleig dag med drøs og mat. For ungane var det stora å få ri på esel. Når me var på tur til Cusco var det og ein del riding på forskjellig dyr. Klikk på bildene for å sjå dei større.

mandag, januar 26, 2009

Gudsteneste i Cusco



Sist søndag var me på gudsteneste i Cusco. Misjonen og kyrkja starta opp der i 2002, og nå er det ein nasjonal pastor, eit dansk ektepar og to danske ettåringar(på ca 20 år) som er med i arbeidet der.
Denne søndagen var det ungdommane som hadde ansvar for gudstenesten, og det var veldig flott. Dei spela og var forsangerar, og dei sa litt om kvifor dei hadde valgt sangane me sang. Datter til ekteparet som bur i Cusco, Mette, tala fint om grunnar me hadde til å gleda oss i Herren.
Det var ikkje så mange når me kom, men etter kvart var kyrkja heilt full. Det var fleire ganske nye, det var så kjekt.
I haust snakka misjonærane i Cusco om at dei hadde ein god kjerne i kyrkja, men dei hadde vore der lenge. Så det var ein nød at dei ikkje nådde nye. Derfor var det så fint å sjå desse som ikkje har kome til kyrkja før.

onsdag, januar 21, 2009

Cusco-tur




Frå fredag til mandag var me på tur til Cusco. Mika og Solveig vart heima med Juana. Det vart både middag hos gode misjonærvenner, tur i Cusco sentrum, besøk til Machu Pichu og andre ruiner. Gutane fekk seg ein tur på hesteryggen og fekk prøva nokre naturlige rutsjebanar, eller Inka-sklia, som Silas kalla dei. Me besøkte og ein plass der det var både lama, alpakka og vicuña. Mykje flott og interessant. På søndag var me i kyrkja i Cusco, men det trur eg eg skriv litt om seinare.



onsdag, januar 14, 2009

Tagging


For ei stund sidan oppdaga eg at ein eller annan hadde gått berserk med sprayboks på eiendommen me leiger. Eg synes det var noko kjent med den signaturen, men er litt usikker på kven som er gjerningsmannen/kvinnen.
Sidan eg rekner med at eg har ein del lure leserar, ber eg om hjelp til å løysa dette mysteriet. Kven har tagga? Trykk på kommentarer og gi meg ditt tips.

lørdag, januar 10, 2009

Ferietid









Nå har med vore på ferieplassen, og der hadde me flotte dagar, med sol og bading. Me var og ein tur å såg på ei fiskehavn og sjøløver, og var eit par dagar på stranda. Men mest var me ved bassenget på ferieplassen. Ungane var meir i og under vatn enn på land. Herlige dagar for oss alle.

mandag, desember 29, 2008

Jula i Juliaca


Nå er juledagane over, og me ser tilbake på nokre fine dagar saman.
På julafta åt me graut saman med dei andre norske her, og etter det fekk dei som ville sjå "3 nøtter til Askepott".
Me fekk dei to minste til å ta seg ein god kvil.
Så var det å gjer klar til årets måltid, pinnakjøt som pappa hadde røykt sjølv. Det smaka verkeleg godt. Etter oppvasken var det juletregang, noko Mika og Solveig storkosa seg med. Etter det begynte det store pakkestyret. Silas kom først trippande med ein pakke til foreldra, noko han hadde laga sjølv. Det var eit flott lite vevt bilde, verkeleg ein fin presang.
Alle var så fornøgde og glade for det dei fekk under treet.
Etter pakkane var pakka ut og testa, var det tid for kaffi og snadder, før me måtte ut å sjå på fyrverkeriet. Her feirer dei verkeleg at Jesus vart født. Og det er midnatt som er fødselstidpunktet. Då legg dei Jesus-barnet i krybba, og sender opp rakettar.
Me har hatt koselige besøk til middag og kvelds, og i går var me på tur opp til skogen saman med fam Hamre.

onsdag, desember 24, 2008

God jul!


Nå ligg pinnakjøtet i vatn, og me er klar for julefeiring. Peter og eg fekk vera med på noko flott i ettermiddag. Me reiste til Azangaro for å ha eit førjulsmøte, og dela ut kakao og boller. Me hadde me oss eit par unge som hadde eit flott dukketeater som fekk fint fram kva som er viktig i jula. Me sang og leika litt, og eg hadde ein andakt. Kyrkja var full av barn og vaksne, mange var inne i kyrkja for første gang. Ein som var der, ønska å kjøpa ein bibel.
Det var utrulig kjekt å vera med på.

Nå vil me gjerne få ønska alle våre trufaste leserar ei velsigna jul!

Jes 9 2 Det folket som ferdast i mørkret,
skal sjå eit stort ljos;
over dei som bur i skuggelandet,
skal ljoset stråla.
6 For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.

mandag, desember 22, 2008

Ungdommane viser vei




Nå på laurdag fekk eg vera med ein gjeng med ungdomar til ein fattig bydel her i Juliaca. Dei arrangerte utlodning for nokre veker sidan, og pengene ville dei bruka til å gi fattige ungar ein oppmuntring til jul.

Dei rigga opp høgtalerar og inviterte ungane til å koma, og det kom masse folk. Det var leiker, sang, drama og vitnesbyrd. Ein del av ungane fekk synga i mikrofonen, og det var stas. Når dei hadde hatt eit ganske langt program, ba dei ungane å stilla i to køar, ein for jenter og ein for gutar. Så delte dei ut kakao, boller og ein leike til kvar av ungane. Det var mange fornøgde fjes å sjå.

På ettermiddagen same dag, var dei anna ungdomsgruppa som hadde utlodning for å hjelpa ei ung jenta som var blitt lurt for mange pengar.

Det er flott å vera saman med desse engasjerte ungdommane, som viser vei for dei vaksne og når det gjeld å visa at trua på Jesus får følger for livet vårt.