mandag, desember 15, 2008

Ny høyderekord

Stemningen var lenge høg
Ein pust i bakken

Her ser me målet i det fjerne
Det var lenge godt humør

I år 2000 prøvte Brith-Jorunn og eg å koma oss opp på Chachani, det høgaste av fjella som omkransar Arequipa. Det er 6057 m.o.h. Men då vart me så sjuke, at me ikkje nådde toppen. Då tenkte me begge at dette skal me aldri meir prøva på.
Men me ombestemte oss, og denne helga var me ein heil gjeng som ville prøva å bryta 6000 meters-grensa. Me starta turen kl 01 natt til laurdag, og køyrde på dårlig vei oppover mot Chachani. Kl 04.30 begynte me å gå. Sekken var pakka med mat og drikke og litt ekstra klær.
Motet var godt, sjølv om BJ følte seg litt svimmel frå me gjekk ut av bilen.
Veret var som bestilt, og soloppgangen overveldande fin. Me gjekk seint og jevnt oppover, med stavar laga av kosteskaft. Ein del av turen måtte me gå i bratte skrentar, men det tyngste var å gå i laus sand. Me prøvte å drikka mykje, og eta litt etter kvart, men matlysten minka dess høgare me kom.
Det gjekk stadig tyngre oppover, og når me nærma oss toppen, måtte eg berre tenke eit steg om gangen. Og me nådde toppen! Det var fantastisk. Flott utsikt, og ny høgderekord.
Men det verste sto igjen. Veien ned var den store styrkeprøven. BJ fekk fryktelig hodeverk, og mista nesten hodet, så hu måtte gå i bånd eit stykke av nedturen. Hu vart og kvalm og uvel. Eg sleit mest med gele-føter og svimmelhet, ikkje den beste kombinasjonen. Men me kom oss ned og. Nå trur eg ikkje at eg kjem til å ombestemma meg, når eg seier at Chachani skal eg ikkje prøva å bestiga igjen. Men eg er åpen for å prøva Misti(ein vulkan som og ligg like ved Arequipa, men bare er litt over 5800 m.o.h)
Linker til same tur:
Tjelle-blogg
Høgsås-blogg
Mulelid-blogg Glade gutar

Kvinner på topp
40-åring med mann i 30-åra på topp

9 kommentarer:

anita frå helleland sa...

dokke har hatt ein kjempe tur.
du klarte deg bra brit jorunn. kjempe flott. ha ein fin deg.

Anonym sa...

ja eg sko godt ha vore me på den turen, eg får vel nøya meg me storeto i melsheiå, men dokke får vel bli me opp en gong t, vist me e så galne at me sko finna på å besøga dokke en gong der nere :)

KMogEA sa...

En sterk prestasjon altså. :) Såg helt supert ut det der. Vil tru det va en opplevelse med blandede følelser, men det fine me oss menneska e at vi glømme...

Anonym sa...

Så bra dåkke klarte det!!!
Gratulera ;o)

Anonym sa...

Eg bare seie det:For någen sprege misjonærar!!Kor får dokker øveskudd fra??Sikkert all den goa froktå.
Det e andre utfordringar me ha på flade Jæren.Herlige Hå e fint det og!!Fortsatt god advent!!
Helsing oss i Opstadv 40 på Nærbø

Anonym sa...

Så bra, må bare sei at det første bildet av deg Sverre er heilt storarta! Ett så fornøyd ansikt er det nesten bare du som kan klare! Hihi, sitte og smile tilbake!

Anonym sa...

Enig med Inger Lise, herlig og fornøyd uttrykk!!
E det Olav så står bak deg å sove hahahaha...?!

Eli-Anne sa...

Gratulerer! Stort å ha nådd den toppen!(og sikkert forferdelig også!) Dåkke e tøffe:)Nesten litt irriterande at vi ikkje prøvde oss på den..;)Men eg va ikkje klar for det etter Mistituren!! Fortsatt og adventstid til dåkke alle.

Anonym sa...

Gratulerer med topptur! Er det ok om vi bruker teksten til Misjonærbloggspalten i Utsyn? (i så fall nr 1 2009, sendes til trykk over helga, så trenger svar snart om det går..)

Det blir en liten halvside med tekst, og et av bildene (det nederste).

mvh Margunn Henriksen