torsdag, desember 04, 2008

For første gang i Huayrapata


Sist veka var eg på tur til Moho-sone, for å vera med til ein ny plass som dei har besøkt ein gang før. Dei tenker å starta opp med regelmessige møter der over nyttår.
Me køyrde frå Moho på ein vei som var ganske dårlig etter at det har begynt å regna. Når me kom inn mot Huayrapata måtte me stoppa å kobla til høgtalar. Så køyrde me rundt og fortalte at den evangeliske lutherske kyrkja var på besøk, og at me skulle visa film på Plaza de armas(torget).
Me fann ein kvit vegg der, og fekk låna straum. Mykje folk samla seg når me begynte å visa filmen. Me hadde litt problem med lyden, men ellers gjekk det bra. Etter filmen delte med litt frå Bibelen med dei. Det er spennande å koma til nye plasser. Ver gjerne med å be om at me får kontakter og kan få etablert ei kyrkja i Huayarpata.

Ingen kommentarer: