onsdag, november 28, 2007

Bursdagsbarna




Denne veka har me feira både David og Brith-Jorunn sin bursdag. Me har og hatt 12 års bryllupsdag, uten den heilt store feiringa av det. David kom heim på søndag, og då vart han overaust av forsinka bursdagsklemmar og presangar. Den største overraskelsen var at han fekk ny sykkel av oss og besteforeldrene i Noredalen.

Brith-Jorunn vart vekt med Happy Birtday og gavedryss på sin store dag. Hu er nå inne i det siste av dei harde 30-åra, men held seg overraskande godt. Hu gleder seg ellers over at hu kan eta så mykje ho vil, og ennå så skrumper hu inn. Kjekk høydesjuke:)

Me hadde kombinert misjonærmøte og feiring av jubilantane i kveld. Koselig kveld med mykje god mat!

mandag, november 26, 2007

Postboksen fylles opp



Eg hadde eit innleg for ei stund sidan, der eg klaga på at postboksen var så tom og trist. Sist søndag hadde me besøk av eit koselig ektepar frå Lye. Dei hadde med norsk grovbrød, Nugatti, ost m.m. I tilegg fekk me ein pakke frå Norge av reiseledaren deira, full av snadder.

Ikkje nok med det, men mens eg var i Moho eit par-tre dagar, kom det 3 pakkar i posten! Nå er det fullt i snopeskuffa, og jubel og glede i heimen.
Mange tusen takk for responsen!

søndag, november 25, 2007

Busstur








Eg hadde ein festlig busstur på onsdag, då eg skulle heim frå Moho. Det hadde regna om natta, så veien var ganske sleip. I fleire bakkar spant bussen seg opp, og eg var ganske sikker på at me vart ståande når den begynte å spinna langt nede i bakken. Men me kom opp.



Når me hadde køyrt eit stykke, vart me stoppa av ei som ville vera med. Og hu ville ha med seg 20 sauer og. Jo, det måtte nå bli ei råd med det. Så dei vart lempa på taket, til det var fullt der. Så stappa dei resten inn i bagasjerommet. Me hadde og ein halvtimes mekkestopp. Bussen begynte å leka diesel, så det måtte dei finne ut av. Dei fiksa det, og så var me i gang igjen. Turen skulle normalt ta 3 timar, men me brukte 4. Eg batalte 12 kroner for turen, og det var det verd!



torsdag, november 22, 2007

Bibelkurs i høgslettas hage





Frå mandag til onsdag har eg vore med på bibelkurs i Moho, høgsletta sin hage. Det er ei koselig bygd, med kupert terreng omkransa av skogkledde bakkar og stilige fjell.


Eg underviste i Apostelgjerningane, og så hadde me litt om å forbereda ein tale eller andakt. Fleire av elevane mine hadde brukt mange timar til fots eller på sykkel for å koma på kurset. Me begynte kl 8 om morgonen og hadde undervisning til 17.30, så det var skikkelige dagar. Ein av dagane hadde me til og med ei samling kl 19.30 om kvelden.


Det var ein fin blanda gjeng å undervisa, frå ungdom på 15 år til godt voksne folk.

søndag, november 18, 2007

Bortreist på dagen

I dag har me vore ute å handla snop i ei snopevogn eit kvartal frå der me bur. Ungane hadde 2 soles(4kr) kvar å snopa for, og det får dei ganske mykje snadder for.David har ikkje nokon på sin alder her i byen, så me har snakka om at han skal få reisa til Arequipa av og til når det er anledning til det. Denne helga var nokre frå Arequipa oppe på fjellet på eit kurs. Og me hadde avtale om at David kunne vera med dei ned å vera der ei veka. Me tenkte han syntes det var dumt å vera vekke på bursdagen sin, men ein tur til vennene i Arequipa var visst den beste bursdagspresangen han kunne få. Så hans 10-årsdag blir me nødt til å feira på etterskudd her huset.

torsdag, november 15, 2007

Gode naboar


Gutane våre har blitt kjent med fleire av naboungane her. Dei har vore her å hoppa på trampoline, leika i sandkassen og sparka fotball.

I går sparka me fotball saman med dei andre misjonærane her, og få tok me med oss ein av nabogutane. Han heiter Mateo og er like gamal som David.

Etter at me hadde kome heim frå fotballkampen, ringte det på døra, og der sto Mateo og mora med ei nybakt kaka som dei ville me skulle ha. Så det vart kveldsen i går.

Me håper me kan klara å ha god kontakt med dei me lever blant her, slik at me kan få anledningar til å samtala med dei om trua vår og sei dei noko om Jesus.

lørdag, november 10, 2007

På tide med eit bad





Hunden vår, Bamse, har ein tendens til å stikka nasen sin borti det meste. Han gnager på leiker og sko, heng seg på buksene til dei som går forbi, og er til tider noko irriterande. Han har heller ikkje heilt funne ut kor det passer å gå på do, så han sprer driten rundt på eiendommen. Midt i skrivinga av dette innlegget, måtte eg ut å ta frå Bamse hua til Solveig.

I dag fann me ut at han trengte eit bad. Det trengtes ein gjeng for å få vaska han, men nå er han rein og fin.
Solveig og Sondre var tilskuerar og var øvegidde øve kor mange som måtte til for å hjelpa ein liteb valp å bada.


mandag, november 05, 2007

Jippi, eg har blitt 1 år!





















I går vart eg eit år. Det var kjekt å ha bursdag. Me reiste til Puno og var med på møtet der. Etterpå åt me middag i Puno, og så reiste me heim og hadde selskap for meg.
Eg fekk mykje fint, og hadde ein fin dag!


Alle helgensdag



Her i Peru merker du godt når det nærmer seg 1.nov. Då får du nesten ikkje tak i vanlig brød, og du ser mange som sel pynt til å ha på gravene.

Mange folk her tenker at sjelene til dei døde kjem tilbake til jorda på denne tida, derfor legg dei ut mat og drikke på gravene. Dei lager nokre spesielle brød med dukkeansikt, som dei bruker til dette.

Ein kristen som eg kjenner, inviterte meg og andre kristne til å vera med dei på allehelgensdag. Svigermor hans døydde for eit par år sidan, og slekta kom reisande langveis frå til desse dagane. Dei vil gjerne vise den døde respekt. Slik eg har forstått det, tenker dei at den døde kan velsigna dei levande viss dei behandler sjela godt. Og så tenker dei og at dei levande kan hjelpa den døde til å nå fram til himmelen, ved å be for sjela.

Me var med ut til eit par graver som dei ville legga blomar på. Vår sone pastor ba ei bønn ute ved grava, ikkje for den døde, men for dei levande. Så sang me nokre sangar om håpet me har ved trua på Jesus. Eit håp som me kan ha ved ei grav og, når den døde hadde tatt imot Jesus.

Me hadde eit møte i gardsrommet til familien me var hos, og eg fekk sei noko om kva Bibelen seier om livet og døden, og at den einaste døde som kan hjelpa oss, er Han som døde for syndene våre, og som sto opp igjen og lever i dag.

Åp 1:18 Frykt ikke! Jeg er den første og den siste og den levende. Jeg var død, og se, jeg er levende i all evighet. Og jeg har nøklene til døden og dødsriket.