mandag, desember 08, 2008

Ein misjonærs drømmeveka

Dette har vore ei utrulig flott veka. Mange muligheter til å vitna for folk som ikkje kjenner Jesus.

På ungdomsgruppa "Luteranos al toq" på onsdag kom det to nye jenter, som ikkje går i noko anna kyrkja. Trur dei var invitert med av nokon av ungdommane. Veldig kjekt.

På torsdag reiste eg til Azangaro saman med pastoren der. Det har ikkje alltid vore like god oppslutning på møtene på torsdagane, så me var litt spente. Men me reiste tidlig ut, for å invitera folk til møtet. Rett utforbi døra sat ein mann og ei dama. Eg fortalte litt om kyrkja vår og inviterte dei til møte. Me snakka ei stund, og mannen virka interessert og ønska at me kom på besøk der han budde. Han fekk med seg eit enkelt bibelstudiehefte.
Me tenkte me skulle visa film, og når me begynte kl 7, var det to trufaste ungar som var på plass. Me begynte på filmen: Pilgrims vandring, og rett etter at den hadde begynt kom huseigaren vår saman med mor si. Hu som er huseigar har kome ofta, og kjøpt seg ein Bibel, men mora har ikkje vore der før. Så forsvant hu som er huseigar ut, og kom tilbake med ei nabokona og ein ung gut. 3 nye på ein gang! Det var flott. Eit godt stykke ut i filmen kom han som eg snakka med utforbi kyrkja og. Utrulig kjekt. Og filmen var god. Me slutta av med nokre vers frå Bibelen og bønn.
Me reiste glade og oppmuntra heim til Juliaca.

I dag var me ein gjeng frå "Luteranos al toq" som var på besøk i fengselet her i byen. Me sang og vitna i ein luftegarde der mange var samla. Nokre spela kort, andre vaska klær, men mange lytta oppmerksomt på sang og vitnesbyrd, og det var ikkje noko bråk. Virka som dei var glade for besøk, så dette vil me gjerne gjera igjen.

For meg er det utrulig kjekt å koma i kontakt med så mange nye i løpet av ei veka.

For ungane har det og vore ei kjekk veka. Dei har hatt besøk av den norske skulen i Arequipa, og hatt juleverksted og vore på overnattingstur på ein leirplass ute på høgsletta. Der var dei og på tur til elva, og fekk seg eit kjølig bad. Stor stas.

Eg har tatt lite bilder, så dette får bli eit innlegg for dei som ikkje bare ser på bildene:)

1 kommentar:

Anonym sa...

eg har høyrt at vi kan snakke med dere på superblink?
er det sant:).