onsdag, november 25, 2009

Bryllupsdag

14 år sidan!


Tenk, me har vore gifte i 14 år. Det har vore flotte år, med både oppturar og nedturar. Men me er glad me har kvarandre og våre 5 herlege ungar.

Ellers har det skjedd mykje i det siste. David og eg var på langhelg til Moho, og fekk besøka 5 av kyrkjene der inne, med Bibelundervisning og film. Ganske bra med folk, men det kunne visst vore fleire. Men regnet hadde akkurat begynt, og då var det mange som var opptatt med åkrane sine.

Me har hatt besøk av nokre svenske misjonærar, som jobber i Chiclayo, lenger nord i Peru.

Og ikkje minst har me hatt nokre flotte lærarstudentar buande her nokre veker. Det har vore kjekt både for ungane og me voksne. Takk til Margunn og Liv Elise!

torsdag, november 19, 2009

Bortreist på dagen


David fyller 12 år på fredag, men han er med meg på langhelg til Moho. Men vil du skriva ei helsing, klikk på kommentarer og gratuler han med dagen!

onsdag, november 04, 2009

Mika 3 år


Vår vesle sjarmør, Mika fyller 3 år i dag.

tirsdag, november 03, 2009

Alle helgens dag

Masse folk på gravplassen
På bordet er er det mat til sjela
Ein rik familie sin gravplass
Ei enkel grav
Ein katolsk prest som ber for ei sjel

I går var det allehelgensdag, og me hadde det som tema i kyrkja i Azangaro og på ei bibelgruppa om kvelden.
Det er tydelig at tradisjonen her ikkje stemmer med det som Bibelen lærer oss om døden.
Her trur folk at når ein person døyr så tar sjela ut på ei reis, der dei aller fleste vil nå himmelen til slutt, men først etter å ha lidd i Skjærsilden i kortare eller lenger tid.
Tradisjonen her er å be for sjela til avdøde, slik at tida i skjærsilden skal bli forkorta.
I tillegg til det, så lager dei mat til sjela, som dei set fram. Dette er for at sjela ikkje skal koma tilbake å plaga dei.

I går var Robert og eg ein tur på gravplassen, og der var det fullt av folk. Alle gravene blir pynta med kransar og blomster. Det er jo fint å minnas den avdøde.
Men her ser me både prestar og lekfolk som står ved gravene og ber for sjelene. I tillegg ser me mat som er satt fram, og grupper som speler musikk.

Tenk om folket her kunne få sjå det som Bibelen lærer oss, at den som har Sønnen har livet. Og når me dør, er det for seint å bli frelst.

mandag, november 02, 2009

Eit par Boliviaturar

Bak muren i bakgrunne er CLET og SETELA i Sucre

For ca ein månad sidan, fekk eg muligheten til å ha ei lita møteveka i Bolivia. Det var kjekt for ein gammal emmisær. Eg var på SETELA i Sucre, og hadde møter frå tysdag til fredag. Det var kjekt å bli litt kjent med studentane frå Peru, Bolivia og Ecuador som snart er ferdige med 3-års teologisk utdanning. Det var åpent og godt å tala.
Eg fekk bu hos familien Eggebø, og der hadde eg det godt. Kjekt å bli kjent med dokke, store og mindre!
På ferieplassen i Cochabamba
Verden største Kristus-statueNattbuss

Den 21.oktober begynte den store folkevandringen. Etter eit par dagar med møter og strategi-tenking i Arequipa, satte heile misjonærflokken i Peru seg i bevegelse mot Bolivia. Første stopp var Juliaca, der alle vart innlosjert etter alle kunstens reglar. Neste morgon var det tidlig opp, og på tidenes busstur. Me starta frå Juliaca 7 om morgonen, og var framme i Cochabamba midnatt. Det var som ei Norges-reis, men humøret var strålande, og me var på ein koseleg plass.

Me fekk møta misjonærane i Bolivia, og ein del av oss sat ein del timar i styremøter. Skulen hadde opplegg, og nokre kosa seg med ungane og i byen.

Det var ein flott tur, på heimveien tok me nattbuss til La Paz, og var ein dag i La Paz før me reiste heim. Og då var me veldig klar for ein kvardag.