mandag, april 26, 2010

Påskemøter i Moho

Frå skjærtorsdag til påskeafta var Silas, Peter og eg på preikeferd i Moho. Me besøkte fem kyrkjer, eg hadde bibelundervisning, og me viste siste del av filmen om Jesu liv.

Første dagen var me nesten ved Bolivia-grensa, og sidan det ikkje hadde kome folk ennå, tok me oss ein snartur til Bolivia før møtet.

Me fekk mat overalt, nokre plasser ”fiambre”, som er poteter og chuño(frysetørka potet) som blir lagt på eit teppe på bakken. Me sit i ein ring rundt maten, og alle forsyner seg til det er tomt(eller me er mette).

Ein dag me besøkte to kyrkjer, fekk me middag når me var ferdige på den første plassen, og når me begynte på den andre plassen, då sleit eg litt med middag nummer to, men ein suppertallerk klarte eg.

Den siste dagen laga dei ein jordovn som dei steiker poteter i, veldig godt.

Me hadde med sonepastor Raul og kona rundt i dei forskjellige kyrkjene. Når dei skal besøka kyrkjer her, hender det at dei går i ti timar før dei er framme. Dei ville prøva å skaffa seg ein motorsykkel(det ville eg og gjort).

Dei reiste frå Juliaca til Moho i februar. Ver gjerne med å be for dei og arbeidet i Moho sone.









søndag, april 04, 2010

Blogging nytter

Hadde tenkt å legga ut opptil fleire blogginnlegg og bilder i kveld, men eg fekk ikkje til å legga ut bilder. Prøver igjen ein annan gang.

Men eg var nettopp innom nlm.no og såg eit intervju som viser at denne bloggen får konsekvenser for folk. Sjekk denne sida.

Peter, Silas og eg har vore 3 dagar i Moho og undervist frå Bibelen og vist siste delen av Jesu liv.

Det er fullbragt! Jesus lever! Det kan du både leva på og dø på!

Kyrkjebesøk

Nå sit eg faktisk på Fogn og blogger frå livet i Peru. Eg sleit litt med å få legga ut bilder frå Juliaca, men frå Fogn går det som ein lek. Eg er bare heima ein snartur, for dei som lurte på det. Skal på kurs.






Når me hadde besøk av Elin og Endre, var me ute på eit par turar. Først var Endre, eg og sonepastor Sebastian ein dagstur for å besøka tre kyrkjer der det er lite folk som kjem(ei av dei har ikkje møter lenger). Det er fint på landsbygda nå, hausttid. Fleire plasser såg me folk som tok opp poteter og skar korn. Me fekk samtala og dela Guds ord med lederane i kyrkjene, og dei treng oppmuntring og besøk. (Dei tre nederste bildene er frå den turen)

Ein annan dag var me i ei bygd utanfor Azangaro. Der hadde lynet slått ned, og då er tanken her at Gud er sint på dei. Så då pleier dei å ofra til moder jord. Her ønska dei å ha eit kristent møte, der me kunne dela Guds Ord og be for familien som bur der lynet har slått ned.

Dei hadde bedt inn slekt og naboar, så der var mange som ikkje vanligvis høyrer Guds Ord. Det var flott å vera der, og sei noko om Han som har tatt straffa for våre synder, slik at me kan ha fred med Gud, og sleppa å vera redde for Guds straff. (dei fira øverste bildene er frå denne turen)