torsdag, november 29, 2012

Ny blogg

Hei alle trufaste leserar. Denne bloggen har eg problemer med å publisera meir på, ser ut som eg har brukt opp plassen min når det gjeld bilder.
Så når det kjem noko nytt frå oss, så blir det på ein splitter ny blogg: Kos og kaos
Der kan du nå lesa om at Brith-Jorunn sin siste CD straks er klar for lansering.
Takk for nå på 7xHovda. Det var kjekt så lenge det varte...

lørdag, november 03, 2012

Mika fyller 6 år

Nå er minstemann her i heimen, Mika, 6 år. Han har begynt på skulen og synes det er spennande med både bokstavar og tal. I haust har han begynt med fotball, og det liker han godt. Han kan ennå mimra tilbake til livet både i Arequipa og Juliaca, men begynner å bli nordmann. Han liker å kjøra show, og Solveig er hans største fan, som nærmast får latterkrampe når han slår seg laus. Mika synes det er kjekt å vera ute i naturen, og kan samla på mange forskjellige sortar dyr!
Nå har det vore nedtelling til bursdag ei stund, så han er veldig klar for å bli feira. Me gratulerer vår livlige og gode minstemann.

torsdag, november 01, 2012

Silas kjøre trial

Først prøvte han å sitja

Så var det opp å stå
Denne hausten har Silas begynt å kjøra trial. Han må reisa eit stykke, men dette synes han er så kjekt at det gjer han gjerne. Han er med på Aqua-klubben på Ogna. Der kan dei og skyte med luftgevær, sitte på med belte-vogn, padle kajakk og kjøre cross-cart.
Her er ein video der han køyrer over eit hinder: