fredag, januar 30, 2009

Riding









Dette året begynte med at me hadde ein tur til nokre venner på landsbygda utforbi Juliaca. kosleig dag med drøs og mat. For ungane var det stora å få ri på esel. Når me var på tur til Cusco var det og ein del riding på forskjellig dyr. Klikk på bildene for å sjå dei større.

mandag, januar 26, 2009

Gudsteneste i Cusco



Sist søndag var me på gudsteneste i Cusco. Misjonen og kyrkja starta opp der i 2002, og nå er det ein nasjonal pastor, eit dansk ektepar og to danske ettåringar(på ca 20 år) som er med i arbeidet der.
Denne søndagen var det ungdommane som hadde ansvar for gudstenesten, og det var veldig flott. Dei spela og var forsangerar, og dei sa litt om kvifor dei hadde valgt sangane me sang. Datter til ekteparet som bur i Cusco, Mette, tala fint om grunnar me hadde til å gleda oss i Herren.
Det var ikkje så mange når me kom, men etter kvart var kyrkja heilt full. Det var fleire ganske nye, det var så kjekt.
I haust snakka misjonærane i Cusco om at dei hadde ein god kjerne i kyrkja, men dei hadde vore der lenge. Så det var ein nød at dei ikkje nådde nye. Derfor var det så fint å sjå desse som ikkje har kome til kyrkja før.

onsdag, januar 21, 2009

Cusco-tur




Frå fredag til mandag var me på tur til Cusco. Mika og Solveig vart heima med Juana. Det vart både middag hos gode misjonærvenner, tur i Cusco sentrum, besøk til Machu Pichu og andre ruiner. Gutane fekk seg ein tur på hesteryggen og fekk prøva nokre naturlige rutsjebanar, eller Inka-sklia, som Silas kalla dei. Me besøkte og ein plass der det var både lama, alpakka og vicuña. Mykje flott og interessant. På søndag var me i kyrkja i Cusco, men det trur eg eg skriv litt om seinare.



onsdag, januar 14, 2009

Tagging


For ei stund sidan oppdaga eg at ein eller annan hadde gått berserk med sprayboks på eiendommen me leiger. Eg synes det var noko kjent med den signaturen, men er litt usikker på kven som er gjerningsmannen/kvinnen.
Sidan eg rekner med at eg har ein del lure leserar, ber eg om hjelp til å løysa dette mysteriet. Kven har tagga? Trykk på kommentarer og gi meg ditt tips.

lørdag, januar 10, 2009

Ferietid









Nå har med vore på ferieplassen, og der hadde me flotte dagar, med sol og bading. Me var og ein tur å såg på ei fiskehavn og sjøløver, og var eit par dagar på stranda. Men mest var me ved bassenget på ferieplassen. Ungane var meir i og under vatn enn på land. Herlige dagar for oss alle.