torsdag, desember 15, 2011

Ekstrem opp-pussing

Som mange av dykk veit, så kom me heim frå Peru i sommar, og då kom me heim til eit ny-opp-pussa hus. Me er veldig takknemlige og glade for alle som var med på det, det var ein heilt utrulig velkomst-gave å få.
Så her er nokre før og etter bilder, så dokke kan sjå kvifor me er så glade og fornøgde!

Kjøkken FØR
Kjøkken ETTER





Kjøkken 2 FØR
Kjøkken 2 ETTER
TV-stova FØR
TV-stova ETTER
Stova FØR
Stova ETTER
TV.stova 2 FØR




TV-stova 2 ETTER

 Legg merke til dei første bilda, og veggen som er borte. Og på TV-stova har det skjedd ein del med dørene. Kjølerom er borte, nå er det kjølehjørne og god skap-plass.
Alle vindu og dører er blitt kvite, veggene var før malte plater, nå er det malt tapet osv.osv.

Me seier bare ennå ein gang: Tusen takk!

søndag, desember 11, 2011

Julestemning på Jæren

Julestemning på Holmavatn
Det var jubel og glede i heimen første dagen det var eit tynt snølag utfor døra, og det kom meir. Då måtte både halte og friske ut å sjekka kva dette var. Det var kaldt, men moro. Så lenge det varte... Nå håper me at det kjem meir til jul.
Eg har vore på arbeidarsamling på Holmavatn nokre dagar denne veka. Det var kjekt, og der var det ennå meir snø.
Fulltreffar!

Trefot ingen hindring!

søndag, november 27, 2011

Brith-Jorunn har bursdag

Kven skulle trudd at denne flott dama blir tretti-tretten år i dag? Sprek, kjekk og pen. Gratulerer med dagen frå resten av heimen!

mandag, november 21, 2011

Bursdag med kake og gips

Slik ser David ut som fjorten-åring

Slik ser Silas ut med gips
David sin 14-årsdag vart feira med møte på Finnestad, middag og kaka i Noredalen, og bowling på Hana. Dagen fekk ein dramatisk vending då Silas måtte på sjukehus med ein skada fot. Han dreiv styrketrening på Tryggheim under julemessa på laurdag, og fekk noko over foten. Me trudde ikkje det var brudd, men når den var veldig vond å trø på neste dag, vart det bestemt at han skulle på røntgen, og han hadde brudd langt nede på leggen. Så nå er det gips og krykker på han fram til jul!
Han ser ikkje heilt lyst på det, sidan livet for han er å koma seg ut av huset og utforska livet i de djupe skoger på Nærbø.
Ellers må eg nevna at sist innlegg var eit aldri så lite jubileum, nemlig innlegg nr 300 på bloggen! Tviler på at det blir 300 til, men det vil tida visa.

søndag, november 20, 2011

Fjortis i heimen

Då er det jammen blitt 14 år sidan David såg dagens lyd. Han er ein aktiv gut som bruker tid på skule, venner, politikk, venner, data, venner, fotball, venner, og sjølvsagt til djupe samtalar med foreldra sine.

Vil du gratulera han med dagen, kan du godt det.
Bildet er ikkje heilt oppdatert, men det er iallefall av David.

fredag, november 04, 2011

Mika 5 år

I dag er Mika 5 år. Han vart feira i barnehagen i går, i dag feire me heima, og over helga blir det selskap med venner.

Han vart vekt med klare røster som sang ein nydelig versjon av "Happy birthday".

tirsdag, oktober 18, 2011

Haustferie på Fogn

Inni den hole eika

Inni den hole eika
Mika kosa seg i sauhuset

Bestå arrangerte bollebaking

Fire gode venner

Full fart

To gode arbeidskarar

Dei lystige bømder
Siste del av haustferien tok me turen til Fogn, og hadde nokre flotte dagar der. Me hadde flott haustver og ungane kosa seg saman med søskenbarn, onklar, tanter og besteforeldre. Nokre jobba, andre tok livet med ro. Men trur alle hadde nokre fine dagar.