torsdag, mars 19, 2009

Me treng folk



Nå er me på konferanse i Arequipa, og me får høyra at det er få søkerar til lærarstilling og til Solveig. Er du lærar? Me treng deg!

Det ideelle for oss ville vera å få ein familie med ungar, der ein kunne vera lærar, og ein kunne trena med Solveig. Men andre løysingar er og mulige.

Er du aktuell eller kjenner du nokon som er aktuelle for ei slik oppgave.

Ta kontakt med misjonen og meld deg til tjeneste.(Send mail til ariste@nlm.no)

Uten eit godt tilbud til ungane, er det ikkje mulig for oss å vera her!

tirsdag, mars 17, 2009

Karnevalsbursdag

På laurdag hadde me ein lystig bursdag. Det var Sander(10) og Benjamin(7) som feira bursdag saman. Mange stilte opp i festlige kostymer, og var krye av kor fine dei kunne bli med litt stæsj.
Me hadde hamburger med tilbehør, og mykje snadder til kaffien. Det var leik og moro, og god drøs.


onsdag, mars 11, 2009

Problemer med myndighetene


Her i Juliaca har me eit prosjekt, som er bygging av ein grunnskule i eit fattig område av byen. Avtalen med staten er at me bygger skulen(med hjelp frå Norad) og at dei betaler lærarlønner til lærerar som skulen ansetter.

I dag var eg på eit møte på skulen, der foreldra var samla. Ledelsen på skulen ville informera dei om at utdanningskontoret ikkje vil betala for lærarlønner viss ikkje dei får bestemma kven som skal vera lærerar.

Nå har skulen begynt, med dei lærerane som skulen har valgt ut, men uten godkjenning frå utdanningskontoret får dei ikkje lønn.

Fleire foreldre tok ordet på møtet og sa at me vil kjempa for at myndighetene skal respektera den avtalen som me har. Me vil ha kristne lærerar!

Utdanningskontoret kom og på møtet med fleire folk, og ein advokat, og prøvde å få foreldra med seg, men det lykkast ikkje.

Ver med å be om at denne saken må løysa seg, det virker ganske fastlåst.



mandag, mars 09, 2009

Vinterferie

Denne veka har ungane hatt vinterferie, og då fekk me nokre dagar på ferieplassen ved Stillehavet. Det vart mykje bading og avslapping ved bassenget. Me var og nedom stranda. Varmt og godt. Ein kveld sat me på nokre knausar og nøyt solnedgangen. Så vart det litt is og mykje god mat.






søndag, mars 01, 2009

Karneval


Dette er tidlig på dagen, seinare var det fullt av folk opp mot Cristo Blanco


I dag har det vore stor fest på ein høyde rett ved der me bur(halvveis til Cristo Blanco). Det er karnevalstid, og i dag har det vore dansekonkurranse der oppe.
Kva er karneval? Her i byen er det ein stor og viktig fest. Ordet karneval betyr mest sannsynlig "farvel til kjøtet". Det er ein fest som feires ved inngangen til fasten.


Den starta ikkje her i Sør-Amerika, men i Europa, og feires i alle katolske land.
Det var opprinnelig ein fruktbarhetsfest som den katolske kyrkja ikkje klarte å få folk til å slutta med, så då prøvte dei heller å fylla den med eit anna innhold.
Det kan sjå ut som om det har vore ein slags fruktbarhetsfest her og før, for folk her betaler til Moder Jord og ber om ei god avling.

Det som er typisk her i Peru er at dei leiker med vatn, gjerne gutar mot jenter med vannballongar, vannpistolar og bøtter. Det er uskyldig moro.


Men her blir denne festen som dei fleste andre festar, til ein fest med alt for mykje drikka.


I dag var det avslutning på bibelskulekurset på bibelskulen, det har vore ein flott gjeng der nå i februar. Ein som kom frå Chiclayo i nord-Peru fekk koma tilbake til Jesus. Det var flott å høyra, les om han her