torsdag, januar 21, 2010

Glede over ungdommen



Etter ferien me hadde i Norge sist sommar, var me litt skuffa over ungdomsgruppa me har vore med i. Me håpa at dei kunne ta ansvar og driva den sjølv om me ikkje var der. Men når me kom tilbake kom det berre nokre få, og me måtte bygga den opp igjen nesten frå botn.

Nå i forbindelse med juleferien var me og vekke frå Juliaca ca 1 mnd, og me var spente på korleis dei unge hadde klart seg i den perioden. Og det var som eit under å koma tilbake. Brith-Jorunn var med sist veka, det var over 20 ungdommar og dei tok ansvar for heile møtet, og hadde ordna med brød og kaffivatn.

I kveld fekk eg vera med dei, og det kom mellom 20 og 30 ungdommar i dag og. Dei leda, ordna med brød og kaffi, ein hadde vitnesbyrd, ein spela gitar og dei planla utflukt heilt på eigen hand.

Noko anna som var utrulig kjekt, var at det var 3 som var heilt nye i dag. Dei som går i ungdomsgruppa ”Luteranos al toq” har nød for vennene sine og tar dei med seg.

Når me hadde bønnestund, var det to jenter som ba om forbønn for kvar si veninna som dei vil prøva å få med seg neste veka.

Me har ikkje så mange månadane igjen her i Juliaca, og ein av bekymringane våre har vore korleis det skal gå med denne ungdomsgruppa. Nå ser det ut til at Gud har høyrt våre bønner og at dei tar ansvar.

fredag, januar 15, 2010

Bilder





Når me skulle ta bilde til julehelsinga vår, måtte det ein del forsøk til før det vart sånn nokonlunde. Men dei mislykka bildene er nå litt festlige dei og. Og her er det mulig å sjå at nokon har fokus midt i kaoset:)

Må og ha med eit par bilder til av søskenbarna som kosa seg i saman i juleferien.

Ellers er me tilbake i Juliaca, og det har vore ein del problemer i forbindelse med skulen Martin Lutero. Ver gjerne med å be om at det kan løysa seg på ein god måte.
På bibelskulen er det 15 unge som studerer Bibelen. Eg skal undervisa der neste veka.

lørdag, januar 02, 2010

Ferie i Ecuador






Nå er me på vei til Peru igjen, etter to flotte veker i Ecuador. Både julafta og nyttårsafta var det middag i hagen, mesterlig tilberedt av Knut Harald. I romjula var me nokre dagar i Manta, og kosa oss ved bassenget og på stranda. Når me kom tilbake til Guayaquil var me med Knut Harald og besøkte D-Miro(mikrokreditt), og nokre av lånekundene deira. Flott å sjå korleis folk som ikkje ville fått lån andre plasser, skaper seg eit levebrød med hjelp frå D-Miro.

Me var og på eit utkikspunkt i sentrum, og fekk sjå Guayaquil ”buy night”, og me var i ein park og såg masse iguanar, festlige dyr. Ellers var det bading og leiking i nærområdet, og eit par tenniskampar. Ungane fant tonen og kosa seg saman.

Nå sit me på flyplassen i Guayaquil. På vei inn hit vart Silas stoppa i tollen, han hadde med seg eit par brukte rakettar:)