mandag, desember 29, 2008

Jula i Juliaca


Nå er juledagane over, og me ser tilbake på nokre fine dagar saman.
På julafta åt me graut saman med dei andre norske her, og etter det fekk dei som ville sjå "3 nøtter til Askepott".
Me fekk dei to minste til å ta seg ein god kvil.
Så var det å gjer klar til årets måltid, pinnakjøt som pappa hadde røykt sjølv. Det smaka verkeleg godt. Etter oppvasken var det juletregang, noko Mika og Solveig storkosa seg med. Etter det begynte det store pakkestyret. Silas kom først trippande med ein pakke til foreldra, noko han hadde laga sjølv. Det var eit flott lite vevt bilde, verkeleg ein fin presang.
Alle var så fornøgde og glade for det dei fekk under treet.
Etter pakkane var pakka ut og testa, var det tid for kaffi og snadder, før me måtte ut å sjå på fyrverkeriet. Her feirer dei verkeleg at Jesus vart født. Og det er midnatt som er fødselstidpunktet. Då legg dei Jesus-barnet i krybba, og sender opp rakettar.
Me har hatt koselige besøk til middag og kvelds, og i går var me på tur opp til skogen saman med fam Hamre.

6 kommentarer:

Reier sa...

Godt å sjå at de har hatt ei stemningsfull jul! Og det har vore fantastisk å lesa alle gode nyhende frå dykk dei siste månadene!

Anonym sa...

Åh, kom hit!!
Klem frå ei tante så lengte veldig etter sin familie i jula.. :(

Frøydis Vestbøstad sa...

En forsinket julehilsen med gode ønsker for det nye året. Klem fra Frøydis, Olav, Nikolai, Brita og Johanne

Elisabeth sa...

Såg ut som ei triveleg (og ganske kjend) julefeiring! GODT NYTTÅR!Fekk ikkje sumla meg til å skriva julebrev, men det kjem sikkert ei nyttårshelsing etterkvart ;)

Anonym sa...

Koselige bilder,Sverre! Håper dere har det bra på kysten! Masse hilsner fra oss her oppe i Juliaca.

Små glimt... sa...

For ein flotte gjeng, så kjekt å sjå blider å lese om dåkke...
Nå har eg og fått meg blogg, kjekt om de tek turen innom...;)
Klem Marie