søndag, mai 18, 2008

17. mai






Me har hatt ei storarta 17.mai feiring. Når me var på vei heim sa gutane at dette var kjekkare enn i Norge.

Dagen starta (som vanlig) med strålande sol frå skyfri himmel. Etter frukost satte me kursen mot skulen. Der var det fint pynta med rødt, kvitt og blått. Me vart ønska velkomen av Jeanette, og så var det sang og talar. David, Magnus og Knut hadde ein fin tale, og Helge hadde ein tale med mykje interessant frå historia. Så var det tid for å gå i tog. Skule-ungane hadde laga fin fane. Me gjekk rundt på skuletomta. Etter toget gjekk me inn og fekk høyra forskjellige innslag frå skule-ungane. Det var både dikt, piano-speling og sang. Så kom isvogna!

Me hadde forskjellige leiker, og så hadde me deilig grillmat. Nå holdt eg på å gløyma noko av det viktigaste for mange, me hadde kiosk med masse billig og godt snop. Det slo godt an.

Før me gjekk heim hadde me fotballkamp. Ein flott dag for store og små.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt!
Det hørtes ut som en bra 17.mai :o)
Koselig med kiosken hehe..

Anonym sa...

eg likte prisane i 17 mai kjosken, sko hatt sonne prisar her og.

Anonym sa...

Du tar opp gode familietradisjoner med den hatten, men i år hadde ikkje pappa hatt, men mamma!
Inger Lise

Anonym sa...

Hei David!
Kjekt å se og lese bloggen deres. Igår vant Manchester championsleague finalen:-) Men du har kanskje fått det med deg!! Håper du har det bra!
Savner deg!
Hilsen Olaus