På søndag fekk me vera med i kyrkja i Cusco. Det var flott å sjå både barn, unge og vaksne samla for å høyra frå Bibelen. Arbeidet i Cusco vart starta etter at me reiste til Norge i 2001, så det var første gangen me var i denne kyrkja.
Pastoren i Cusco er ein som me kjenner godt frå Tacna. Han heiter Milton og var fiskar på stranda nokre mil frå Tacna då me budde der. Nå er han blitt menneskefiskar i Cusco. Ein flott mann. M
Eit dansk ektepar har nettopp flytta til Cusco. Dei heiter Olga og Flemming Stidsen. Be om at dei må få god kontakt med folket, og må trivast og ha glede i tenesten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar