fredag, mai 02, 2008

Tur til Cusco


Sist helg reiste me til Cusco. Det er ca 4,5 times køyring. Fin tur, med variert og fin natur. Me besøkte familen Andersen sjå http://majbrittogsoren.blogspot.com. Dei reiser heim til Danmark til sommaren, så me hadde lyst til å ha ei helg saman med dei. Cusco er ein fin by, omkransa av Inka-ruiner. Masse turistar reiser dit for å sjå Machu Pichu og andre inka-ruiner.

Me var i Pisaq i den hellige dalen ei natt, og låg i ein bungalow. Der var det svømmebasseng, trøbåtar. leikeplass og forskjellige banar til fortball, volley osv. Me var ein tur inne på markedet og kjøpte litt suvenirar.

På vei til Pisaq var me på ein plass der dei lager mange fine ting av alpacca-ull. Der gjekk det både lama, alpacca og vicuña rundt. Ungane syntes det var kjekt å gi alpacca-ungar melk i flaske.

Me hadde ei kjekk helg, med både gøy og moro. Både små og store kosa seg. David og Peter tok fly til Arequipa saman med dei danske skuleelevane og lærerane.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei igjen, eg la inn ein kommentar til David på biletet av David og klassekameraten. Veit ikkje heilt korleis denne blogginga virkar, men viss David har lyst å senda tilbake, kan han nå meg på oyvindaa@lyse.net. Det hadde vore gildt! Helsing Christoffer