lørdag, september 18, 2010

Innvielse og nytt arbeid

På torsdag var eg med på innviing av eit nytt bygg i utkanten av Arequipa. Det er eit rom som brukes som barnehage, men der det og er tanken å samla folk som ønsker å høyra forkynnelse og studera Bibelen.

Me køyrde eit stykke utforbi byen, før me kom til Yarabamba. Det er eit typisk nybyggerområde, der det er bygd ein del enkle hus, men der det ennå mangler ein del vesentlige ting, som vatn og kloakk.

Kyrkja har starta ein barnehage i dette området, og har plassert ein pastor for å starta eit evangelisk arbeid her. Frå misjonen er Olga Stidsen plassert her, og hu skal vera med både i barnehagen og i det evangeliske arbeidet.

Arequipa ligg jo midt i eit ørkenområde, og det merkes bedre når du kjem litt utforbi sjølve byen. Når det kjem eit vindkast her, så ser du korleis støvskya løfter seg. Og når me gjekk litt rundt i området vart dei svarte skoa mine mindre og mindre svarte for kvart stegJ

Det kom godt med folk på innvielsen, ca 50 stk med stort og smått. Pastor Fidel hadde ein andakt, der han snakka om at integrert utdanning måtte inneholda undervisning frå Bibelen. Eg helsa frå misjonen og presenterte Olga, som vart tatt imot med applaus! Ein koordinador frå utdanningskontoret helsa og forsamlinga, i tilegg til representantar frå lokalstyret og foreldre.

Ungane i barnehagen sang ein sang, og ei jenta framførte eit par tradisjonelle dansar. Me avslutta med ein matbit, brus og kake.

Pastor Fidel stilte seg utforbi når programmet var slutt, og noterte navn og adresser til folk som ønska kontakt. Fleire spurde han om kva tid dei skulle begynna med møter, så dette ser lovande ut. Ver gjerne med å be for Fidel og Olga, som skal bruka ein del av si tid på denne plassen.

Etter innvielsen fekk me vera med heim til ei dame som hadde busett seg her ute saman med 3 barnebarn. Foreldra til ungane jobba henholdsvis i Chile og i ei gruva. Det var enkle forhold, for å sei det mildt.

På besøk i eit av husa i Yarabamba
Pastor Fidel noterer navn på nye kontakter
Jenta i barnehagen
Barna fekk kvar sin presang på innvielsen

Pastor Fidel har andakt

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var kjekt å se! Hils familien. Mona

Anonym sa...

Takk for interessant informasjon