torsdag, september 30, 2010

Gjensyn med Tacna

Frå Ilo køyrde eg til Tacna, og når eg køyrde frå kysten og opp mot Tacna, kjente eg korleis noko av hjarta mitt høyrer til i denne byen. Me budde her frå 2000 til 2001.

Eg reiste til ein av dei som eg kjenner best i Tacna, og fekk snakka med han og kona ei stund. På ettermiddagen var me sør i byen og besøkte ei som har gått i vår kyrkja, som har kreft. Kyrkja vår i den delen av byen er stengt, så hu går nå i ei anna evangelisk kyrkja.

Om kvelden hadde me eit husmøte, der eg snakka litt om luthersk identitet før me såg ein film om ein gut som ber for far sin, og får sjå korleis Gud grip inn og frelser faren hans.

Søndag formiddag var det tid for gudsteneste, og det var flott å sjå ein fin flokk som kom for å høyra Guds Ord forkynt. Utrulig kjekt å vera i kyrkja som me jobba mest i når me budde i Tacna. Ein ny familie er ivrig med, og ein av dei som kom på ungdomsmøte når me budde i Tacna, kjem nå saman med familien sin. Det er fleire år han ikkje har vore aktiv i noko kyrkje.

Ei ung jente hadde søndagskule for 6 barn.

Det var godt å vera der, og åpent å godt å tala Guds Ord.

Etter møtet reiste dei å kjøpte kylling og pommes frites, så åt me det saman før eg begynte på heimturen gjennom ein av verdens tørraste ørkenområde.




2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig kjekt å lese om besøket til Tacna! Du må hilse til alle sammen der! Det går bra her med oss - jeg pugger verb og JM går dyper inn i fransk grammatikk. Hilsen S og JM

Anonym sa...

Kjenner også at Tacna og menneskene der har en stor plass hos meg. Takk for glimt og for at det gjøres noe der!