fredag, oktober 03, 2008

Galleblæra mi er historie

Eg vakna ein morgon i sist veka, med vondt i ryggen. Men etter å ha kjent etter litt, fann eg ut at det var gallesteinen som irriterte meg. Eg gjekk på stam-sjukehuset mitt, vart gjennomlyst, og ganske rett så var det ein gallestein som hadde posisjonert seg der det gjer mest vondt. Den var stor som ein oliven og sat i utgangen av galleblæra.
Doktoren gav meg nokre piller og ei gyselig seig saft eg skulle ta nokre dagar. Før eg gjekk heim fekk eg og ei sprøyta med smertestillande som hjalp mot smertene. Dei neste dagane var det litt murring, men ikkje store smerter.
Søndag begynte det neste kapittelet i soga om gallesteinen.
Me var i kyrkja om formiddagen, så var me ute og åt middag, og etterpå var me på kaffi hos fam Mulelid. Etter litt kaffi og is, var det ikkje lenger behagelig å sitta i sofaen, så eg begynte å virra omkring. Etterkvart for eg ned på sjukehuset og ba om ei sprøyta med smertestillande. Eg gjekk heim, men hadde ikkje same effekt av sprøyta som veka før. Eg veit ikkje om det hjalp i det heile. Men eg tenkte det ville roa seg, så eg la meg. Men det var ikkje mange sekund eg låg på same sida. Til slutt sparka Brith-Jorunn meg ut av senga, og sa at eg måtte koma med på sjukehus. Me ringte til Tor Egil, og han kom å passa hus og barn, mens me for på sjukehus. Der fekk eg ei sprøyta til, men den hjalp heller ikkje. Til slutt krevde BJ at dei ga meg noko narkotika, og då roa det seg. Det vart bestemt operasjon neste morgon, og me låg på sjukehuset.
Kl 09.30 vart eg køyrd på operasjonssalen. Før operasjonen begynte, så ba dei om at alt måtte gå bra. Eg følte meg i trygge hender, det var same doktoren som lappa saman fjeset mitt og. Etter eit par timar var operasjonen over, og galleblæra mi var stor og stygg, betent og fæl.
Eg vart liggande på sjukehuset til torsdag morgon, og fekk mest ikkje mat, men fekk ein del intravenøs næring.
Nå er eg sjukmeldt eit par veker, men eg ser kva tid eg føler meg i form til å begynna litt smått igjen. Det versta er at eg ikkje kan ta Mika og Solveig når dei seier: "komma"

6 kommentarer:

Fabrizio sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Fabrizio sa...

Hallo! Godt å se at du er på nett igjen! Vi lurer på hvor det blir av bildene til denne artikkelen...ellers ønsker vi deg riktig god bedring! Hilsen Nina, Karin, Ivar og Marianne

Anonym sa...

Ja ja ei galleblæra frå eller te, god bedring ivertfall.

Anonym sa...

Ein oliven i munnen er jo vondt, så eg forstår godt at det gjorde ekstra vondt når den hadde kome heilt nedi der. God bedring!
Hilsen Svein Kåre

Anonym sa...

Er du sikker på at det ikke var de tre eskene fra Jon i Cochabamba som gjorde utslaget?? God bedring og takk for sist! Kjell J

Jeanette sa...

Du må ha rekorden i sykehusbesøk av adle som e i Juliaca:-) Lura på kor mångjen organer som blir fjerna i løpet av den tiå dokke har igjen, eller kor møkje de får ommøblert på kroppen din:-)

Helsing Jeanette:-)