lørdag, oktober 25, 2008

Frå fjell til hav



Nå er det lenge sidan sist innlegg her. Men det har skjedd ein heil del sidan sist. Brith-Jorunn og eg var med på eit ekteskapskurs i Mollendo på kysten 10-11 oktober. Inger Johanne var barnevakt og ga oss førsteklasses opphold dei dagane.


Når kurset var slutt, reiste me til ferieplassen og var der nokre dagar. Det var ein del gråe dagar, men me kosa oss der. Ungane bada både i bassenget og i sjøen. Fam Hamre var og der nede desse dagane, og me hadde det koselig med spaserturar, kaffi, grilling, kaffi, ei god bok, kaffi osv.

Etter dagane på ferieplassen, sto Arequipa for tur. Mandag til onsdag denne veka hadde me haustsamling for alle misjonærane på feltet. Me hadde besøk frå Danmark og Bolivia. Svend Åge Jacobsen hadde gode bibeltimar med utgangspunkt i tre Salmer. Han er til daglig lærer på LMs bibelskule i Hillerød.

Frå Bolivia kom Knut Bjørn Skyttermyr, og hadde temasamlingar for oss, med emner om kallet. Det var godt å nyttig å høyra og samtala om det.

Ellers vart det og tid til mat, kaffi, kaker, kaffi, frukt, kaffi osv.

Eg er glad eg ikkje har galleblæra!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja ja det e godt det blir ti t mat, kaffi, kaker, kaffi, frukt, kaffi osv, me eller uden galleblæra, men ke lerte dokke på ekteskapskurs då? :)

Dag Petter.