lørdag, april 12, 2008

Idrettsskade


I går var David og eg på sykkeltur oppe i åsane utforbi byen her. Me for høgt opp og sat og nøyt utsikten ei stund før me tok på heimvei. Når me var halvveis nede, kom me til ein plass der det er eit hopp som me har prøvt før. Nå var det eit par stutar som sto litt i veien, så det var litt vanskelig å få fart. David køyrde først og kom seg like heil over, men når det var min tur så satte eg hjulet nedi ei grøft og for kontant på nasen. Dette førte til omfattande skader i munn, nase og rundt forbi. David sykla for å sei frå heima, og eg sykla og heim. Brith-Jorunn fann ut at det var best å få meg på sjukehus, og der sette dei lokalbedøvelse og prøvte å gjera reint såra, men når dei såg i munnen, fann dei ut at eg måtte på operasjonsbordet. Så eg fekk narkose og dei prøvte å lappa meg saman så godt dei kunne. Litt vanskelig å sei korleis resulatet er ennå, men om eg ikkje er like fin, så er eg like grei som før. Eg har eit bilde før sying, men eg trur eg legg ut det etter.
Låg på sjukehus i natt, men nå er eg heime igjen. Mika syns eg var så stygg at han gadd ikkje ha noko med meg å gjera. Får håpa det går over.

15 kommentarer:

Svein Kåre sa...

Hei!
Me er samla her Herigstad og oss. Me måtte inn og sjå på elendigheten. Me synest synd på deg. Hadde du vært nærmere skulle me komt innom med pizza-restene. Etter eit nærare studium av biletet har me blitt einige med Mika - dette var skremande.

Mona og Geirmund Monsen sa...

E ikkje du for gammal te å holda på me sånt???

Du får starta syklubb sammen med de andre i familien som har fått reparert seg...

Anonym sa...

Uff, såg kje godt ut.. God betring!!

Sverre sa...

Litt frekk kommentar frå deg, Geirmund. Men eg trur ikkje det er så mykje tryggare med landeveissykling i Juliaca-området.
Me begynner å bli kjente på akutten nå,ja.
Takk for tanken om pizza-rester, Svein Kåre og co, og for god bedring frå deg Anette.

Anonym sa...

Oi san, det såg ikkje godt ut, du har fått deg en sjikelig trøkk der, skuld det på studane. får håba det gror fort, så e du nokk på sykkelen igjen snart.
God bedring frå oss på Vatne

heldags... sa...

Det ser ut som froskejuicen ikke virker lenger... Du får ta deg en ny dose...

Sverre sa...

Alle hjernecellene er heilt intakt, etter siste fintelling. Så froskejuicen har verkelig vore god å ha.

Anonym sa...

utseende har ingen betydning, du er nok bare helste endå greiare etter denne erfaringa ;-)
Du må helse frå oss alle til gjengen, spesielt mye til Peter frå Eirik, og til "David- min" frå Ane!!!
Fam. Hovda Åsland

Anonym sa...

Hei

Kan ver du burde tenke på og selge sykkelen ?

Anonym sa...

Hei Sverre !
Dette kvalifiserer til deltakelse i Birkebeinerrittet når du kjem heim igjen! Såg ikkje godt ut.... God bedring !

Anonym sa...

Uff, stakkars deg!
Såg ikkje godt ut nei, god bedring :o)

anita sa...

Dette såg ikkje mykje fint ut.Det e godt du he brit jorunn te å passa på deg.Det var smart å få sett opp nett på trampolinen, så forhindres kansje nokre fall der og.

Anonym sa...

du e sjønne, Sverre, va så vidt eg kjende deg igjen... bueno, nuestro hermano Kjetil me informo del accidente, suerte, hermano.... abrazo del parkvegen catorce....

Anonym sa...

Meg og Joakim synes og du såg fæl ut, hvis du ser bedre ut nå, så må du legga ut et nytt bilde:)
Hils masse te Brith Jorunn og ungane.
Marit

Anonym sa...

Brukte du hjelm?