tirsdag, april 08, 2008

Hompetitten



Frå torsdag til søndag var Geirmund Monsen og eg på reise i Moho sone. Me hadde tema om evangelisering, og Geirmund presenterte eit opplegg han har jobba med, som skal hjelpa kyrkjene med å gi systematisk undervisning i kyrkjene.

Me var i dei fleste utkantane av sona, og køyrde på utrulige veier og stiar. Den høgaste kyrkja i Moho var me og i, den ligg 4270 m.o.h. Me vart godt mottatt, dei set pris på at me kjem på besøk. På kvar plass fekk me noko å eta. Fleire dagar var det "fiambre", dvs at dei legg eit teppe på bakken, og så legg dei poteter og frysetørka poteter oppå, ofte er det og ein eller annan "dip".

Me var på besøk i eit par heimar. Hos ein familie ba me for ei kone som var sjuk. Når me hadde gjort det, ba dei oss om å fjerna eit steinbord som dei hadde i gardsrommet sitt. Det hadde vore brukt av ein trollmann til å tilbereda offer til moder Jord og åndene. Så me ba om velsignelse over heimen, og fjerna det som dei trudde kunne stenga for den.


Ingen kommentarer: