tirsdag, februar 26, 2008

To turar

Denne veka har eg vore på to turar. Ein dagstur og ein helgetur.
På onsdag var eg saman med sonepastoren(kretssekretæren) Domingo til eit par plasser, Vilqechico og Huancané. Me besøkte forskjellige folk. I Huancané besøkte me ein av naboane til kyrkja, og fekk ein fin samtale med han, der me fekk dela nokre bibelvers saman med han. Han sa at han ønska å bli ein kristen, men han hadde nokre plikter i samfunnet som hindra han i å koma nå.

Me traff og ei ung jenta som har kome i kyrkja vår, men som ikkje kjem lenger, for hu får ikkje lov av foreldra. Det var trist å høyra.


På fredag reiste eg til Crucero. Der hadde dei bedt om nokre bibeltimar om samfunn og gode relasjonar mellom dei kristne. På laurdag formiddag hadde me 3 bibeltimar. Eg vart nødt til å ta ein pause i undervisninga, for det kom ei kraftig haglbøya, og når taket er av bølgeblikk, blir det litt av eit leven.

Om kvelden viste me film om den bortkomne sonen.

Crucero var ein gang den største lokalkyrkja i den nasjonale kyrkja, men nå er det svært få som kjem. Be om at dei som har gått før, må koma tilbake og at nye kan bli vunne for Jesus i Crucero. Dei har nettopp fått ny pastor, han heiter Ricardo. Be og om at han må få det han treng for å nå folket i Crucero med evangeliet.


På søndag var eg på gudsteneste i ei kyrkja oppe i ei li utforbi Crucero. Me måtte kryssa ei elv for å koma fram, så då følte eg meg som ein ekta misjonær. Det var ikkje mange sjelene der heller, men dei treng mat likevel:)

På veggen utforbi kyrkja hang ein hakkespett til skrekk og advarsel. Den hadde hakka hål i kyrkja. Det var ikkje populært, så den fekk som fortent.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Syn for den hakkespetten, han va sikkert bare ude itte å få seg litt mat eller bygga seg et reir, men eg e enige, son går det rett å slet ikje ann å oppfåra seg nå du e hakkespett :)

Anonym sa...

Hei Sverre!
Tusen takk for glimtene - også fra Crucero! Crucero vil alltid være noe helt spesielt for oss, selv om det er 20 år siden...!
Hilsen Trygve