torsdag, februar 14, 2008

Kva trur folk på i Juliaca?

Fjellet der Cristo Blanco står



I dag var eg og to andre ein tur opp på Cristo Blanco(Kristus-statue som står på eit fjell rett ved der me bur).

Eg spurde ein me traff der oppe om kva dei trur på. Han kalla seg katolikk, men var ikkje aktiv i kyrkja. Han ofra gjerne til Moder Jord for at det skulle gå han godt. Me spurde kva forhold han hadde til Bibelen. Den las han ikkje, der var det så mykje snakk om straff viss han gjorde noko galt. Han trudde ikkje det var Guds Ord. Han fortalde mange interessante ting om kva han trudde på, f.eks at dei går på gravplassen 1. og 2. november med mat som den døde likte, for at den døde skal hjelpa dei. Men og av redsel for at den døde skal plaga dei.

Når me hadde snakka med han ei stund, kom det eit følge oppover. Dei bar på forskjellig, og han fortalde at nå skal dei ofra til fjellguden. Ein mann som var med dei, var ein trollmann som skulle hjelpa dei med å ofra på rett måte.

Når dei hadde begynt å rigga seg til eit lite stykke nedfor Cristo Blanco, gjekk eg ned å spurde om det var greit at eg tok bilde av dei. Det fekk eg lov til. Så spurde eg dei kva dei gjorde, og kvifor dei gjorde det. Dei svara at dei ofra forskjellige ting til fjellguden for at det skulle gå bra med forretningen deira. Fire ganger i året ofra dei. Og viss dei ikkje gjorde det, kunne det gå galt med dei.

Me fekk litt innblikk i hedenskapet rett utforbi døra vår. Folket her treng å høyra om Han som har ofra seg sjølv for at me skulle få evig liv. Dei bruker mykje penger på å tilfredstilla ein gud som ikkje er nokon gud, og så veit dei ikkje om at det er gratis å bli barn av den einaste sanne Gud. Prisen er betalt for alle. Den som tar imot Jesus får alt for ingenting.

Ofring til fjellguden

Ingen kommentarer: