mandag, januar 07, 2008

Julekveld i januar


I går kom to av pakkane frå Norge med julepresangar og godsaker. Ungane var enige om at me måtte spara pakkane til kvelden, så vart denne laurdagskvelden ein ekstra julekveld. Silas meinte me burde finna fram juletreet igjen, men det forslaget vart nedstemt. Men med pakkar og norsk snop vart det ein fest.


I morgon reiser me til ferieplassen ved Stillehavet og nyt sommaren ei veka. Med basseng i hagen og utsikt mot havet er det ein god kvileplass. Etter den veka skal me vera ei lita veka i Arequipa før me reiser heim. Så det blir nok ei stund til neste innlegg på bloggen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Koseligt me 2 julekveldar, enige me Silas at dokke sko fone fram julatreet igjen :) god tur t stillehavskysten.

Anonym sa...

Sååå kjekt at dåkke har fått pakkar :-))
Neste år får me prøva å senda de i august-september, då må de hvertfall komma fram te jul hehe....
Kos dåkke på kysten!

Anonym sa...

d e kanll kjekt å fulla me på bloggen dokkas!

håbe dokk har en fine å solfylt ferie! eg MISUNNE dokke SOLÅ!

Lykke t me alt :) me huske på dokk i misjonssalen!
1.joh 5,4