Nå er me tilbake etter nokre innhaldsrike dagar i storbyen Lima. Der bur det ca 9 millionar menneske!
Me reiste dit ettermiddagen på nyttårsafta. På flyplassen møtte me fam Harestad som kom frå Arequipa. Me budde i ein suite, med stova, kjøkkenkrok, to soverom og bad. Den låg sentralt i bydelen Miraflores. Etter at me hadde installert oss, gjekk me ut og åt ein god middag på ein restaurant. Så var det heim å legga dei minste før me gjekk opp på taket av hotellet for å sjå på fyrverkeri. Men det var meir å sjå i Juliaca på julafta.
Neste dag gjekk me litt rundt i nærområdet, åt på Burger King og tok ein tur på stranda. Det var ei steinstrand der ungane kosa seg med å bli skylt inn på land av bølgene. Om kvelden bowla me med dei eldste ungane.
2 jan var me på Migrasjonskontoret og fekk carnet til 4 av ungane(David er peruaner). Når me var ferdige der reiste me til dyreparken og såg masse forskjellige dyr. Det var populært.
Så var det litt shopping på damene etterpå, og kafe på mennene seinare på kvelden.
Når me skulle reisa heim dagen etter, var flyet 1 ½ time forseinka, men det gjorde ingenting, for me fekk gratis mat på Mac Donalds.

1 kommentar:
håbe dokke hadde en flotte nyttårsfeiring, det ser ivertfall sonn ut. hadde vore kjekt å vore i den dyrehagen, me de rare sebraane :)
thord og rune
Legg inn en kommentar