torsdag, januar 31, 2008

Bamse sin nye heim





Bamse har vore litt voldsom i det siste, og me har blitt enige om at me ikkje ville ha han meir. Me tenkte å ta livet av han, men så var det nokre venner av oss som ville ha han. Dei har gard rett utforbi Juliaca.

På søndag var me invitert ut til dei, og då tok me med oss Bamse. På garden var det mange forskjellige dyr, og ungane storkoste seg.

Me fekk god mat. Først ei suppa, med avkappa sauetarmar i. Brith-Jorunn sleit litt med det, men hadde heldigvis Mika på fanget, og han tygde og tygde. Dei store gutane lurte litt på kva dette var, og Brith-Jorunn sa det er noko som er inne i sauen. "Det ser ut som tarmar" seier David. Og litt etterpå: "Smak Peter, det var godt." Etter suppa fekk me eit skikkelig kjøtstykke, poteter og chuño(fryseørka potet).

Ungane var rundt og klappa dei forskjellige dyra, rei på esel og kalv, og prøvte å melka. Så var det volleyballkamp.

Dei me besøkte, var foreldra til Juana, Marcos og Alex, som eg skreiv om for ei stund sidan.

Når me skulle reisa, var det nokre som syntes det var litt trist at Bamse skulle vera igjen, men han har mange å leika med.

3 kommentarer:

Anonym sa...

trur Bamse får det fint utpå den fina landdsbygdå, såg koseligt ud der, grønt å fint :)

Anonym sa...

Heia forhenverande Bamse-folk!
Sidan Paddington sneik seg over frå Peru til det europeiske kontinentet, må det vel vera i orden å la Bajas kunne vera blindpassasjer i motsatt retning. Det såg så kult ut for han å kunne koma i lag med Bamse på dei grøne høgslettene. Kan de garantera ein god velkomst for han? Dette måtte i så fall bare vera snakk om nokre veker ferie for han. For sjølvsagt vil vi ha han att!
Helsing hundeelskarane på Nærbø.

Anonym sa...

Sauetarmar??! Så grusomt!!
Hehe håpe bamse får et fint liv ute på landsbygdå ;) Anna