torsdag, desember 27, 2007

Julefeiring


Vi klapper i hendene....


Nå er jula over, og me har hatt nokre gode dagar. På julafta hadde me alle misjonærane med besøk her på graut. Så fekk dei som ville sjå Askepott, før me gjorde oss klar til julemiddag. Unnia hadde tatt med seg norsk pinnakjøt, og det var snadder.

Me gjekk rundt juletreet og så var det tid for å åpna presangar. Alle var så glade og fornøgde, sjølv om me venter på ein del pakkar frå Norge ennå.

Etter pakkestyret kom fam Høgsås på kaffi, og så var det tid for litt fyrverkeri. Kl 24 var det reine nyttårsafta her.

1. juledag var ein rolig dag heima. Brith-Jorunn diska opp med kalkun og waldorfsalat. Mmmm.

I dag på 2.juledag har me vore ute på ein gard som har blitt leirplass. Der jobber nokre misjonærar frå Tyskland og USA. Dei inviterte pastorar m/fam frå fleire evangeliske kyrkjer i Juliaca til frukost, leiker, fotball og middag. Det var kjekt for både store og små. Sjå http://www.chacradedios.org/ for å sjå plassen me var på.

I kveld har me hatt koselig besøk av ein familie som me kjenner frå Tacna. Nå bur foreldra i Juliaca, og ungane i Tacna, Arequipa og København! Men nå var alle samla i jula.

David og Peter fekk kvar sitt marsvin(små rotter). RETTING: Dei har fått kvar sin hamster, men eg står fast ved små rotter:)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Marsvinene skal vel feites opp og spises til neste jul i god peruansk tradisjon?

Anonym sa...

Hørte rykter om at de var en hamster hvær de hadde fått, synes nesten det ser ut som en hamster jeg. Så vidt jeg husker har du tatt feil av det før Sverre. :)

Sverre sa...

Eg er nødt til å bite i det sure eplet og innrømma at eg har skrive feil dyr. Me har fått to hamsterar i hus. Det skal rettast umiddelbart!

Unknown sa...

Hei Peter!
Så heldige du e eg har hatt det bra i jula. me var på Fogn ilag me Olav og di. mamma har lagt inn bilder på bloggen vår
Eg savne deg
Helsing Eirik