mandag, desember 17, 2007

Over haug og hammar

Kyrkja i Sullca der me var på torsdag



Frå torsdag til søndag har eg vore på tur til Moho sone. Det er 10-12 mil herfrå men det går 2,5-3 timar å køyra dit. Dei første 5-6 mila er asfalt, etter det varierer det mellom elendig og dårlig grusvei.
Me besøkte 4 lokalkyrkjer i sona, og hadde bibelundervisning og film på kvar plass. Den eine plassen me var måtte me ha med strøm og! Det var pause med mat midt i. Då vart det lagt ut eit teppe på bakken, og så tømte dei på poteter, frysetørka potet(chuño), og andre godsaker.
Me hadde med oss fleire stortalerar, bl.a Billy Graham som snakka flytande aymara. Det kalles dubbing, på godt norsk.
Det kom greitt med folk alle plassene, og dei er takknemlige for besøk. På laurdag var me i ei kyrkja nær grensa til Bolivia, då tok me ein rask tur til grensa mens me venta på at folket skulle samlast. Der var det masse lastebilar med alle mulige varer. Det er eit smuglarmarked. Det går mange lastebilar gjennom Moho til Juliaca med smuglargods. Politi og tollerar er stort sett fornøgd når dei får litt av lasset, så dette blir det nok ikkje slutt på med det første.

Ein ettermiddag var me å besøkte ein familie, der sonen på 24 år er alvorlig sjuk. Alle plassene me var kom mange og ba om forbønn. Dei har vore litt mismodige i fleire av kyrkjene der inne. Håper og ber om at Ordet som vart sådd kan gi nytt mot til dei kristne, og at dei kan vera vitner i bygdene sine.

Billy Graham på storskjerm, og matpause i Rosaspata

Vil du sjå bildene i større format, kan du klikka på dei. Det pleier å hjelpa!

Ingen kommentarer: