torsdag, oktober 18, 2007

Jobbemann




Silas er ganske rastlaus, og veit ikkje alltid kva han skal finna på. Og då hender det han finn på noko bøll. Men dei siste dagane har han vore i sitt ess. For då har han vore med å jobba. Det har vore bygging av sandkasse, og arbeid i hagen. I dag når me skulle eta middag, hadde han ikkje tid, så han ga bare beskjed om at me måtte spara litt til han.

I går visste han ikkje heilt kva han skulle finna på. Brith-Jorunn foreslo alt mulig, leka, teikna, mala, men det var ingenting som frista. Men så kom han på det sjølv. Han ville vaska klær! Og det gjorde han.

Så me må bare passa på å ha ein del småjobbar klar, så er Silas fornøgd med livet! Eg er ein jobbemann, seier han.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så bra at du jobbe Silas!!

Anonym sa...

Hei Silas! Det var gøy å jobbe med deg i jorda. Vi løfta mange steiner. Hilsen Karl Andreas

Anonym sa...

Det var koseligt å se alle dei fine bildene frå heimen dokkas.Hilsen Reidun Lima.