søndag, mars 06, 2011

Ut i naturen

Litt snadder gjer susen
Den siste tida har det regna mykje i Arequipa, og det viser godt i landskapet rundt byen. I dag tok me oss ein tur til ein plass som heiter Characato, og der var det flott. Me hadde med kaffi, juice og brownies, så me klarte å halda kaloribalansen i sjakk. Farlig å forbrenna for mykje utan å få tilførsel av næring:) Peter sparka til ein stein, og då fekk me sjå noko me ikkje har sett i Arequipa før: ein skorpion.
Skorpion

Grønt og fint

tirsdag, mars 01, 2011

Fotoblogg

Eg har vore på ein heilt utrulig fotosafari i Patagonia. For å lesa meir om den og sjå bilder derfrå har eg laga ein egen fotoblogg. For dei som er interesserte i fuglar, dyr og fin natur vil eg anbefala ein tur til Sverres Fotoblogg

torsdag, februar 17, 2011

Santiago

Plaza de Armas i Santiago
I dag har eg vore i Santiago, hovedstaden i Chile. Har vore på den norske ambassaden å informert om arbeidet vårt, og sett oss litt om i byen. Ein fin by.

onsdag, februar 16, 2011

Ut på tur

Viss nokon lurer på kor eg er dei neste 10 dagane, kan dei sjekka desse linkane. Glede meg bittelitt kjenne eg:)

http://www.patagoniaphotosafaris.com/
http://www.patagoniainteractiva.com/

Satse på at det blir eit par blogginnlegg etter den turen!

torsdag, februar 10, 2011

Sykkeltur

Har ikkje vore den store aktiviteten på bloggen i det siste, men det skjer nå litt heile tida. I dag tenkte eg å koma med litt gamalt nytt. Når me hadde besøk i januar, var me nokre tøffe karar som fann ut me skulle ta ein vill sykkeltur. Med mine erfaringar frå sykling, var eg grunnleggande skeptisk, men eg vart med. Me sykla frå 4800 og heilt ned til ca 2500 på kort tid. Lynet frå Randaberg slo seg heilt laus, og Sunnmørs-ekspressen låg hakk i hel. Eg kom meg heilskinna ned, og var meir enn fornøgd med det.

Utanom dette, har det vore ein del reisning på fleire i familien i det siste, og reisemålet har vore Bolivia for alle. David var på skuletur, Peter fekk vera med fam Dobbe på konferanse i La Paz(sjå bloggen deira), og han far sjølv fekk seg ei lita veka i Cochabamba og La Paz ispedd nokre spredte styremøter.

torsdag, januar 13, 2011

Fra hav til hei

Nå reiser snart besøket vårt heim. Me har hatt eit par flotte veker saman med Anna, Jan Erik, Leon og Adam.
I Arequipa har nokre av aktivitetene vore go-cart,  rafting, og downhill-sykling. Så hadde me nokre herlige, avslappande dagar ved Stillehavet, før me tok ein snartur til Juliaca og Puno.
Innimellom har det blitt tid til å sjå litt av Arequipa. 

Huset vårt i Juliaca har blitt eldresenter

Anna og Adam på Titicacasjøen
Jan Erik nyt livet ved sivøyene
Nå e det nok! Mika og Adam vasker bord med skitvatn..

Leik på ferieplassen

Grilling av marshmellows

Fam Aanestad på strandtur

Leon


søndag, desember 26, 2010

Julefeiring

Julafta her begynte med ein god frukost, før me gjorde oss klar til gudsteneste. Me var mange norske/danske samla både av fastbuande og gjester.
Etter gudsteneste var det nokre som satte i gang med forberedelsar til pinnekjøt-middag, andre fekk tida til å gå med forskjellig tidtrøyte. Pinnekjøtet smaka fantastisk godt, og nokre åt nok meir enn dei strengt tatt hadde trengt.
Så var det tid for juletregang og så var det utdeling av pakkar. Stemningen var høg, og alle var godt fornøgde. Rundt midnatt begynte fyrverkeriet for å markera Jesu fødsel, og nokre av oss var ein tur ute og brente av nokre kina-puttar.
I morgon skal me i kyrkja, før me set nasen mot Stillehavet.


 Her er me klare for pinnakjøt
 Dette var spennande!
David, Mika, Silas, Solveig og Peter, fine gjeng

fredag, desember 24, 2010

Syngende damer


Mika og Solveig kledde seg ut og sang ein dag. Trykk på kobling for å sjå video.
Mika og Solveig syng

onsdag, desember 22, 2010

Juleavslutning

Den siste veka har det blitt fleire juleavslutningar. I dag vil eg visa nokre bilete frå juleavslutninga i barnehagen der Mika går. Det var imponerande kor mykje ungane i barnehagen hadde klart å læra. Dei sa fram profetiar om Jesus frå gamle testamentet og hadde flotte innslag med sang, dans og skuespel. Mange stolte foreldre, søsken og besteforeldre fekk med seg denne begivenheten. Sjå meir på Familien Bu sin blogg.



mandag, desember 20, 2010

Månelys

Det er ikkje så lenge sidan eg kjøpte meg stativ, og når me var i Colca denne veka testa eg det ein kveld med månelys. Det vart ganske fint. Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei.

søndag, desember 19, 2010

Colca-tur

 Bading i vatn frå varme kilder(ca 35 grader)

På torsdag etter skuletid reiste me på tur til Colca. Det vart ny høgderekord for gjestene våre, høgaste punkt på veien er 4910 m.o.h. Dei vart meir eller mindre satt ut av høydesjuke, forkjølelse og høydeskrekk, men etter kvart gjekk det mykje betre. Me bada i varme kilder, var ein tur i byen Chivay og avslutta turen med å sjå to kondorar når dei aller fleste andre hadde gitt opp og reist videre. Kjekk tur i flott natur!





Silas og baby-alpakka

Me venta ei stund på kondoren, og mange som hadde venta eit par timar utan å sjå noko, gjekk slukøyra heim. Men så, plutselig kom det ein kondor, og rett etter ein til. Då vart det ein vellykka utflukt!

torsdag, desember 16, 2010

Besøk frå Norge

Nå har me fått besøk av morfar, bestemor og ei tante til Brith-Jorunn. Brith-Jorunn reiste til Lima for å ta imot dei, og på søndag ettermiddag var resten av familien på flyplassen for å ta imot dei. Det var stor glede når dei endeleg landa. Litt skjelvne etter ein litt hard landing i Arequipa, var dei svært så glade for å vera vel framme. Koffertane var sprekkeferdige av pinnakjøt, brunost, snop og julepresangar.

 Kjeme dei ikkje snart
 Tydelig glede for å ha overlevd flyturen
Kjekt å herja litt med morfar
 
Nå er det god gang på julebaksten, og me hadde mors/bestemors kjøttkaker til middag. Etter nokre dagar i Arequipa er me nå klar for å visa dei litt meir av Peru. Men det får me skriva om i neste blogginnlegg.

mandag, november 29, 2010

Advents-samling og feiring



I ettermiddag hadde me advents-samling på skulen, med lystenning og innslag av elevane. Me forstsatte programmet med felles feiring av David og Åsfrid, som blir tenåringar i desse dagar. Me spidda pølser på bål, hadde leiker og avslutta dagen med banansplit, kaffi og kake. Sosial og kjekk dag.


lørdag, november 27, 2010

Jubilantar

Og i dag er det Brith-Jorunn som fyller år. Kven skulle tru at denne spreke dama alt er langt oppe i 40-åra?(iallefall lenger enn mannen:)

Me har og fått ein tenåring i hus. David fylte 13 år sist laurdag, men var vekkreist på dagen. Den nøyt han på leirplassen ved Stillehavet. Dei som vil gratulera dei kan trykka på "kommenter" og skriva ei helsing.

søndag, november 14, 2010

Kånehyl

Brith-Jorunn har hatt besøk av to veninner, og dei fann på mykje kjekt. Blant anna rafta dei. Dei hadde og med dei to danske ett-åringane på denne begivenheten. Her er eit lite klypp frå den turen. OBS: sterke lyder!

torsdag, november 04, 2010

Mika 4 år


I dag fyller Mika 4 år. Han har tenkt å ha åpent hus frå kl 16.30, så dei som vil kan koma på kaffi, brus og kaker.

mandag, november 01, 2010

Besøk

Nå har me fått besøk frå Norge, og dei hadde koffertane fulle av snop og snadder. Så nå er det fullt i snopeskapet. Ingunn og Tove er gode å ha i hus, dei leiker med ungane, pusser tenner, vasker opp og baker. I helga har me vore på kysten ein tur, og snart reiser dei saman med Brith-Jorunn til Colca, Juliaca og Puno.
Til menn og barn i Norge som er bekymra for dei: Det går bra med dei, og me skal passa godt på dei.

lørdag, oktober 23, 2010

Haustferie

Denne veka har me vore på leir ved Stillehavet. Arild Herigstad, som har vore bygge-ansavrlig for den nye leirplassen til kyrkja, laga program og inviterte dei som hadde anledning til å reisa eit par dagar til kysten.

Me låg i hytter, delte på å laga mat og vaska opp, og fant på mykje kjekt. Me var på stranda, ungane bada, leika i sanden og leika med dragar. Me var og ein ettermiddag på fereieplassen, der dei som såg syn på det, kunne ta seg eit bad i bassenget.

Det er ikkje sommar ennå, men me var heldige med været, og det var varmt og fint. Den eine dagen når me var på stranda, såg me ei sjøløva som leika seg i bølgene.