fredag, april 20, 2012

Silas 10 år!

I dag har Silas fylt 10 år! Han synes det har vore ein storarta dag, sjølv om han bare har feira med kjernefamilien i dag:) Men i løpet av ei veka skal han vera ferdig feira.
Silas er ein aktiv kar, som har det travelt med å koma seg ut på sykkelen. Han kjenner Nærbø bedre enn dei fleste, og lever opp til navnet sitt, som betyr: Han som holder til i skogen!
Siste nytt om Silas er at han har begynt med klatring. For å beroliga dei bekymra blant leserane, kan eg forsikra om at dette foregår i kontrollerte former, med sele og sikring..

Jubilanten i snøhola på Sinnes!

1 kommentar:

tante Lise sa...

Gratulerer med dagen, me glede oss til å sjå deg igjen.