 |
Slik ser David ut som fjorten-åring |
 |
Slik ser Silas ut med gips |
David sin 14-årsdag vart feira med møte på Finnestad, middag og kaka i Noredalen, og bowling på Hana. Dagen fekk ein dramatisk vending då Silas måtte på sjukehus med ein skada fot. Han dreiv styrketrening på Tryggheim under julemessa på laurdag, og fekk noko over foten. Me trudde ikkje det var brudd, men når den var veldig vond å trø på neste dag, vart det bestemt at han skulle på røntgen, og han hadde brudd langt nede på leggen. Så nå er det gips og krykker på han fram til jul!
Han ser ikkje heilt lyst på det, sidan livet for han er å koma seg ut av huset og utforska livet i de djupe skoger på Nærbø.
Ellers må eg nevna at sist innlegg var eit aldri så lite jubileum, nemlig innlegg nr 300 på bloggen! Tviler på at det blir 300 til, men det vil tida visa.
1 kommentar:
Flott 14-åring! Kul sveis! :)
Stakkars "liten" med gips, håpe han får ei fin førjulstid likevell!
Ha ei god uke der ute på Jæren! :)
Legg inn en kommentar